Den europeiske kringkastingsunionen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den europeiske kringkastingsunionen
Remove ads

Den europeiske kringkastingsunionen (DEK) eller EBU/UER (engelsk: European Broadcasting Union, fransk: Union Européenne de Radio-Télévision) er den største samanslutninga av nasjonale fjernsyns- og radioselskap i verda.

Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...
Remove ads

Bakgrunn

EBU vart grunnlagt den 12. februar 1950 i Torquay i England, og slått saman med den austeuropeiske kringkastingsunionen International Radio and Television Organisation (OIRT) i 1993.

På fjernsynssida samarbeider ein med utveksling av nyhehendeinnslag og bilete gjennom den såkalla Eurovision. Dessutan står EBU for fleire felles sportsatsingar, som til dømes dei olympiske leikane som EBU har produsert sidan 1956.[1] Eit av dei mest kjende EBU-arrangementa er Eurovision Song Contest, som har vore arrangert årleg heilt sidan 1956.

Thumb
Medlemer i EBU

Unionen har 119 medlemer frå 56 land[2] i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Den kjende signaturmelodien til EBU, «eurovisionshymna», er første delen av «Te Deum» av Marc-Antoine Charpentier.

Remove ads

Referansar

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads