Eagles Live
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eagles Live er det første konsertalbumet til det amerikanske rockebandet Eagles, eit dobbeltalbum gjeve ut 7. november 1980. Eagles vart uoffisielt oppløyst den 31. juli 1980 etter ein konsert i Long Beach i California. Men bandet skulda framleis Elektra/Asylum eit konsertalbum frå turneen. Eagles Live vart miksa av Glenn Frey og Don Henley på kva sin kyst, då dei fann ut at dei ikkje klarte å vere i same stat, og i all fall ikkje i same studio, og som Bill Szymczyk sa det, den perfekte trestemmars harmonien på plata vart fiksa «med hjelp av Federal Express». Rolling Stone Record Guide sa i 1983 om albumet at «det er kanskje det konsertalbumet i historia som er pynta mest på i studio i ettertid.» «Seven Bridges Road» vart gjeven ut som singel og nådde topp 40. Songen syner den harmonivokalen til bandet. På første og siste vers syng alle dei fem medlemmane i Eagles harmonivokal.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Eagles
- Don Felder - gitarar, vokal
- Glenn Frey - gitarar, klaverinstrument, vokal
- Don Henley - trommer, perkusjon, vokal
- Randy Meisner - bassgitar, vokal (1976-konsertane)
- Timothy B. Schmit - bassgitar, vokal (1980-konsertane)
- Joe Walsh - gitarar, klaverinstrument, vokal
- Andre musikarar
- Jage Jackson - rytmegitar, perkusjon
- Phil Kenzie - saksofon
- Vince Melamed - elektrisk piano
- The Monstertones - korvokal
- J.D. Souther - vokal, akustisk gitar
- Joe Vitale - piano, organ, trommer, perkusjon
- Teknisk
- Bill Szymczyk - produksjon
- Ted Jensen - mastering lydteknikar
Remove ads
Lister
Årslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads