Tug of War

album av Paul McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tug of War er det tredje studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i april 1982. Det var det første albumet til McCartney etter at Wings vart oppløyst eitt år tidlegare. Totalt sett var dette det 11. albumet hans etter The Beatles. Det var òg det første albumet til McCartney etter at John Lennon døydde. Albumet vart produsert av den tidlegare Beatles-produsenten George Martin og gjekk til topps på albumlistene i mange land. Det vart hylla som eit comeback for McCartney.

Meir informasjon Paul McCartney-kronologi, Singlar frå ...

Den nymastra luksusutgåva av albumet vart nominert til Grammyprisen for beste plateboks eller spesialutgåve i 2017.

Remove ads

Innspeling

Etter utgjevinga av soloalbumet McCartney II, vart Wings samla saman att i juli og oktober 1980 for å øve inn songar som seinare kom til å bli Tug of War og Pipes of Peace. McCartney følte han trengde rettleiing og ringde den gamle produsenten sin, George Martin, for spele inn ein song skriven for den animerte karakteren Rupert Bear (som McCartney eigde rettane til) kalla «We All Stand Together», blant fleire. Den produktive innspelinga fortsette fram til 9. desember, morgonen då McCartney vakna til meldinga om at den gamle venen og Beatles-medlemmet John Lennon hadde blitt skoten og drepen kvelden før i New York City. Han avslutta innspelinga, der han og Denny Laine spelte inn den framtidige B-sida til «Rainclouds», og både Martin og McCartney følte det var best å sette prosjektet på vent fram til dei var klare til å fortsette.

I februar 1981, to månader etter Lennon døydde, fortsette Paul McCartney innspelingane, og spelte den månaden inn musikk med Stevie Wonder, Stanley Clarke, Carl Perkins og Ringo Starr og la ned fleire songar i prosessen. Innspelingane fortsette i AIR Studios på Montserrat i Karibia frå 3. februar til 2. mars, og enda med «Ebony and Ivory» og «What's That You're Doing», to songar med Stevie Wonder.[1] 10cc-gitaristen Eric Stewart vart òg ein mykje brukt samarbeidspartner for McCartney på denne tida. På sommaren vart det gjort nye innspelingar i George Martin sitt AIR studios i Oxford Street i London. Innspelingane vart så produktive med ny 80-talsteknologi, at fleire av songane vart halde attende for det neste albumet, Pipes of Peace, som kom i 1983. Resten av 1981 var rolegare der McCartney og Martin pussa på albumet.

Remove ads

Utgjeving

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Då albumet kom ut skreiv Stephen Holden i Rolling Stone at Tug of War var «meisterverket alle visste at Paul McCartney kunne lage».[9]. Andre kritikarar, som Robert Palmer i The New York Times, var mindre entusiastiske.[12]

I mars 1982 vart duetten mellom McCartney og Stevie Wonder, «Ebony and Ivory», gjeve ut til stor suksess og gjekk til topps i mange land. Tug of War kom ut i april og vart òg ein stor suksess. Oppfølgjaren, «Take It Away», gjekk inn på Topp 10 i USA. Albumet selde etter kvart fleire millionar eksemplar og gjenoppretta ryktet til McCartney hos kritikarane, som i ein periode hadde vore ganske lunkne. Tug of War vart nominert til Grammyprisen for årets album i 1983.

Albumet kom ut i USA på CD 29. februar 1984.[13] I 1993 vart albumet nymastra og gjeve ut att å CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection», men det kom utan bonusspor. I 2007 kom Tug of War ut digitalt på iTunes og soloversjonen av «Ebony and Ivory» kom med som bonusspor.

Ei ny utgjeving kom 2. oktober 2015, som ein del av Paul McCartney Archive Collection. Denne utgåva inneheld ein nymiksa versjon av albumet, i lag med den originale miksen, og ei rekkje videoar.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Paul McCartney, utanom «What's That You're Doing?» som er skriven i lag med Stevie Wonder

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

2015-utgåva

I 2015 vart albumet gjeve ut på Hear Music/Concord Music Group i fleire forskjellige utgåver, samstundes med Pipes Of Peace, i Paul McCartney Archive Collection. Formata var:[14]

  • Standardutgåve 2-CD; nymiksa versjon av det originale albumet på den eine plata og 11 bonusspor på den andre plata.
  • Luksusutgåve 3CD/1DVD + 112 siders essaybok og 64 siders utklyppsbok
  • Superluksus CD/DVD 3CD/1DVD + same bøkene som i luksusutgåva + avgrensa utgåve av kassett i akryl.
  • Nymastra vinyl
Plate 1 – nymiksa album

Nymiksa versjon av det original 12-sporsalbumet

Plate 2 – originalalbum (berre luksusutgåva)

Det originale 12-sporsalbumet

Bonusplate (plate 2 for standard version, plate 3 for luksusutgåva)
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Ytterlegare nedlastbar song frå paulmccartney.com[15]
  1. «Take It Away» (singelutgåve) - 4:05
Plate 4 – DVD
  1. «Tug of War» musikkvideo (versjon 1)
  2. «Tug of War» musikkvideo (versjon 2)
  3. «Take It Away» musikkvideo
  4. «Ebony and Ivory» musikkvideo
  5. «Fly TIA» – bakomklipp frå Take It Away (ny 18 minuttar dokumentar)
Remove ads

Medverkande

Remove ads

Prisar

Grammyprisar

Meir informasjon År, Kandidat/verk ...

American Music Awards

Meir informasjon År, Kandidat/verk ...

Brit Awards

Meir informasjon År, Kandidat/verk ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1982), Plassering ...
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads