El Dorado av Iron Maiden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«El Dorado» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå albumet The Final Frontier frå 2010. Songen vart den 41. singelen til bandet og den einaste frå albumet. Songen vart gjort tilgjengeleg for gratis nedlasting via den offisielle nettsida til bandet 8. juni 2010, ein dag før turneen for albumet byrja.[2] Singelomslaget vart laga av Anthony Dry og er basert på omslag av EC Comics, publiserte av William Gaines, som var populære i 1950-åra. Om den tidlege utgjevinga sa vokalisten Bruce Dickinson «El Dorado er ei førehandsvising av det komande albumet vårt. Me skal spele han på den komande turneen, så me tenkte å takke fansen vår med å få dei i The Final Frontier-stemning og gje dei ein song før turneen byrja og albumet kjem ut.»[2]

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Iron Maiden-kronologi ...

Dickinson forklarte at teksten er ein kynisk kritikk av finanskrisa i 2007-2008 og samanlikna bankfolka som var ansvarlege med folka som selde myta om El Dorado.[1]

«El Dorado» vann Grammyprisen for beste metal-song i 2011.[3] Det var første gongen bandet vann etter å ha vore nominert to gonger tidlegare.[4][5]

Gitarsoloen i songen vert spelt av alle dei tre gitaristane i bandet, Adrian Smith (3:42-3:53), Dave Murray (3:53-4:06) og Janick Gers (4:06-4:23).[6]

Remove ads

Medverkande

Iron Maiden
Produksjon
  • Kevin Shirley – produsent, miksing
  • Jared Kvitka lydteknikar
  • Anthony Dry – illustrasjon
  • Peacock – kunstnarisk leiar, design

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads