The Final Frontier
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
The Final Frontier er det femtande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut 13. august 2010 i Tyskland,[3] Austerrike og Finland,[4] 17. august i Nord-Amerika,[5][6] 18. august i Japan,[7] og 16. august elles i verda.[8] Med ei lengd på over 76 minutt er dette det nest lengste albumet deira til no,[9] berre forbigått av The Book of Souls i 2015. Melvyn Grant, som lenge hadde samarbeidd med bandet, laga plateomslaget.[10]
Albumet fekk stort sett god kritikk og gjekk til toppen av salslistene i 28 land, mellom anna i Storbritannia, der albumet vart det fjerde for bandet som nådde toppen av UK Albums Chart etterThe Number of the Beast i 1982, Seventh Son of a Seventh Son i 1988 og Fear of the Dark i 1992. I tillegg nådde The Final Frontier fjerdeplassen i USA, den høgaste plasseringa deira på Billboard 200. Bandet vann òg Grammyprisen for beste metal-song med «El Dorado».
EMI gav ut albumet i det meste av verda, medan det i USA kom ut på Universal Music Enterprises og Sony Music Entertainment.
Remove ads
Oversyn
Den 22. april 2009 under eit intervju i samband med Iron Maiden: Flight 666, sa trommeslagaren Nicko McBrain at Iron Maiden hadde bestilt studiotid for tidleg i 2010.[11] Den 8. juni vart plateomslaget, utgjevingsdato og innhaldet avdekt, og songen «El Dorado» vart sleppt gratis på nettet for nedlasting.[10] Albumet kom ut på vanleg CD, ein iTunes LP, digital nedlasting, ei vinylplate og ein avgrensa «Mission Edition», med intervju og eit videospel kalla Mission II: Rescue & Revenge.[12]

Den nordamerikanske delen av turneen etter albumet starta i Dallas i Texas den 9. juni 2010,[8] og den europeiske delen av turneen byrja i Dublin den 30. juli.[13] Desse konsertane var før albumet kom ut og «El Dorado» var den einaste nye songen som vart spelt i 2010.[10] Albumturneen fortsette i Moskva 11. februar 2011 og bande vitja Søraust-Asia, Australia,[14] Sør-Amerika og Florida,[15] i tillegg til Europa. Etter turneen gav bandet ut konsertalbumet og videoen En Vivo!, som kom ut i mars 2012.[16]
Før utgjevinga sa bassisten og grunnleggjaren av bandet Steve Harris at han såg for seg at bandet kom til å gje ut i alt 15 studioalbum.[17] Tittelen, som deler namn med turneen og opningssongen, sette fart i rykta om at The Final Frontier kom til å bli det siste albumet til Iron Maiden,[18] men bandet innrømde seinare at dei håpte på å gje ut meir musikk seinare.[19]
Remove ads
Produksjon
Den 2. november 2009 stadfesta Janick Gers for BBC News at bandet alt hadde skrive nye songar og skulle til Paris i Frankrike for å skrive og øve inn songane til det nye albumet.[20] I følgje Dickinson hadde «me truleg ikkje hatt så lite førebudd som denne gongen, som er bisarr fordi det er det lengste og mest kompliserte albumet me har gjort.»[21] Etter ein pause over jul, fortsette bandet i januar i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas, med Kevin Shirley som produsent.[20] Dette var første gongen bandet spelte inn musikk på Bahamas sidan 1980-åra og Dickinson sa:
«Studioet hadde den same kjensla og var nøyaktig slik det hadde vore i 1983, ingenting var endra! Til og med den øydelagde skodda ved vindauget i hjørnet...same teppet...alt... det var ganske skummelt. Men me slappa av i slike velkjende miljø og eg trur det syner seg att i spelinga og atmosfæren på albumet.»[10]
Etter ein månad i Nassau, vart produksjonen flytta til Malibu i California, der songane vart miksa og ytterlegare vokal vart spelt inn.[1] Den 6. april fortalte Shirley til Blabbermouth.net at han var ferdig med å mikse albumet,[22] og sa 6. mai «Bruce Dickinson kom inn eit par dagar og song alle partia sine før han flydde vidare og Steve Harris vart verande att for å gjere ferdig albumet med meg. Han er ganske praktisk slik. Adrian Smith [gitar] kom inn av og til for å høyre på ting, og som i alle band, har ikkje alle det same sluttresultatet i tankane, men me kom fram til slutt.»[23]
Remove ads
Songar
Albumet er det fjerde der Steve Harris har vore med å skrive alle songane, sjølv om han berre skreiv den siste songen, «When the Wild Wind Blows», heilt aleine. Adrian Smith forklarte at i nyare år har Harris «blitt meir og meir tekstskrivaren vår og skriv melodiar og arrangerer» til dei andre sine songar og «kjem kanskje berre med ein song eller to sjølv».[24]
«El Dorado» vart gjeven ut for gratis nedlasting på den offisielle nettsida til bandet den 8. juni og vann Grammyprisen for beste metalsong i 2011.[25] I følgje Smith vart teksten på songen skriven av Dickinson og handla om finanskrisa som byrja i 2007.[26]
Den første og einaste musikkvideoen frå albumet, som inneheldt siste halvdel av «Satellite 15... The Final Frontier», vart filma i Rendlesham Forest, søraust i England, og kom ut 13. juli.[27] Sjølv om albumet ikkje har offisielle singar, vert både «El Dorado» og den andre deleln av «Satellite 15... The Final Frontier» (i lag med musikkvideoen) gjevne ut som radiopromoar før albumet kom ut. «Coming Home» vart òg gjeven ut som radiosingel den 27. oktober med ein alternativ «radio edit»-versjon av songen.[28]
Sjølv om «El Dorado» var den einaste nye songen som vart spelt på konsertane deira i 2010, vart «Satellite 15... The Final Frontier,» «The Talisman,» «Coming Home» og «When The Wild Wind Blows» spelte i 2011.[29] «El Dorado», «Coming Home» and «When the Wild Wind Blows» vart seinare gjevne ut på samleplata From Fear to Eternity.
Mottaking
The Final Frontier fekk generelt god kritikk og har ein samla score på 71 på nettsida Metacritic.[30] Classic Rock skreiv at det var «tett i tett med lag og betydeleg,» i tillegg til at det har «ein vakker gang og særs komplekst» og «eit friskt forsøk på ein stil som har stått gått i løpet av tre tiår med forskjellige motar.»[34] Kerrang! kalla det «ei plate som framleis vil koke om eit tiårs tid»[36] og MusicRadar skreiv at «Iron Maiden har skapt eit verk full av hypnotisk spaning, ukonvensjonell struktur og svimlande visjonar...gruppa har lukkast meir enn dei villauste draumane deira.»[40] Brave Words & Bloody Knuckles kalla det «eit spanande og særs tilfredsstillande glimt av ei ny framti for folkets metalband,»[41] medan BBC hylla albumet som «ein merkverdig bragd,» og roste bandet for «ingen kompromiss, berre kompleksitet og utfordringar og fleire glimrande augneblink enn kanskje nokon trudde dei framleis hadde i seg.»[42]
Mange kritikarar, som Metal Hammer, meinte det var «eit krevjande album, men eit som dei fleste Maiden-tilhengjarane kjem til elske.»[43] The Quietus sreiv at «The Final Frontier tar tid, det krev innsats, men er overvelande glimrande. Dei har ikkje vald å tilby det enkle valet - det hadde blitt keisamt for oss, og ikkje minst for dei.»[44] PopMatters rekna albumet «på mange måtar det mest ambisiøse albumet Iron Maiden nokon gong har laga, eit 76 minuttar langt opus.»[45]
AllMusic skreiv at «The Final Frontier bringer framleis Iron Maiden nærmare den estetiske arva og triumfen dei kom med i 2000 enn dei to føregangarane» og meinte det var det beste albumet sidan 2000.[31]
The Guardian var meir kritiske overfor albumet og sa «med fire songar aleine på til saman over 40 minutt, er The Final Frontier heller ei eksperimentøving enn gammaldags uthald, og den rolege-intro-bombastisk-refreng-dynamikken byrja å slite litt.»[35] Drowned in Sound var samd og skreiv «standarden fell raskt etter [«The Alchemist»], og stig ikkje ein halvtime,» men skreiv at avslutningssongen, «den episke 11 minuttar lange 'When the Wild Wind Blows' syner det same solid handverk som dei fire songane før, men legg til ei kjenslemessig djupne som dei andre manglar.»[46]
Albumet vart rangert på høvesvis førsteplassen,[47] tredjeplassen,[48] og sjuandeplassen[49] på listene til Metal Hammer, Kerrang! og Revolver over dei beste albuma i 2010.
Remove ads
Innhald
Bonusinnhald med Mission Edition
- «The Final Frontier» -musikkvideo
- Bandintervju med Sam Dunn og Scot McFadyen
- Spelet Mission II: Rescue & Revenge
- Skjermbakgrunnar og bilete
Remove ads
Medverkande
Henta frå plateomslaget[2] og AllMusic.[50]
- Iron Maiden
- Bruce Dickinson – solovokal
- Dave Murray – gitar
- Adrian Smith – gitar
- Janick Gers – gitar
- Steve Harris – bass, klaverinstrument, medprodusent
- Nicko McBrain – trommer
- Teknisk personell
- Kevin Shirley – produsent, miksing
- Jared Kvitka – lydteknikar
- Terry Manning – studioteknikar (Compass Point Studios)
- Brent Spear – studioteknikar (The Cave)
- James McCullagh – assisterande (The Cave)
- Philip Scholes – SSL Duality-teknikar
- Bob Ludwig – mastering
- Stuart Crouch – kunstnarisk leiar, design
- Andrew Yap – kunstnarisk leiar, design
- Anthony Dry – kunstnarisk leiar, design
- Rob Wallis – kunstnarisk leiar, design
- Melvyn Grant – illustrasjon, arbeidsteikningar
- John McMurtrie – fotografi
- Rod Smallwood – management
- Andy Taylor – management
Remove ads
Lister
Albumet nådde toppen av salslistene i 28 land verda over.[51] Det var det første Iron Maiden-albumet som gjekk til topps på den britiske albumlista sidan Fear of the Dark i 1992,[52] etter at det selde 44 385 eksemplar den første veka.[53] I tillegg debuterte The Final Frontier på fjerdeplassen på Billboard 200 i USA med 63 000 selde plater, den høgaste plasseringa bandet har klart å få i USA.[54]
Mot slutten av den første veka hadde albumet selt over 800 000 eksemplar verda over.[55]
Fotnotar
- Steig sidan til andreplassen
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads