Speed of Light av Iron Maiden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Speed of Light» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå det sekstande studioalbumet deira, The Book of Souls. Songen vart gjeven ut som ein musikkvideo den 14. august 2015 og vart samstundes tilgjengeleg for nedlasting på nettet og som ein CD-singel som berre kunne kjøpast via Best Buy i USA.[1][2][3]

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Iron Maiden-kronologi ...
Remove ads

Musikkvideo

Musikkvideoen til songen vart regissert og produsert av Llexi Leon, skaparen av teikneserien Eternal Descent og det virtuelle bandet med same namn.[1] Videoen er ei «hyllest til fire tiår med videospel»,[4] sentrert kring maskoten til bandet, Eddie, som reiser gjennom «den 35 år lange historia til videospela».[3] Dei visuelle effektane vart skapt av The Brewery, som tidleg hadde arbeidd på filmane Sex & Drugs & Rock & Roll (2010) og Spike Island (2012), i tillegg til TV-serien Fleming: The Man Who Would Be Bond.[5]

Remove ads

Medverkande

Iron Maiden
Produksjon
  • Kevin Shirley – produsent, miksing

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads