Elvis' Golden Records Volume 3

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Elvis' Golden Records Volume 3 er eit samlealbum av den amerikanske rock and roll-songaren Elvis Presley, gjeve ut av RCA Victor som LPM/LSP-2765 den 11. august 1963. Albumet var det tredje av til slutt fem plater i samlingar, og det 18. utgjevinga hans i alt. Samlealbumet inneheld singlar gjevne ut frå 1960 til 1962.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart gjeve ut på ny på CD i 1997 med seks bonusspor. Det selde til gullplate 1. november 1966 og platinaplate 27. mars 1992 i USA.[2]

Remove ads

Innhald

Manageren til Presley, Colonel Tom Parker, såg for seg ein marknadsstrategi der Presley skulle gje ut filmmusikkallbum og uavhengige studioinnspelingar, i tillegg til singlar.[3] I midten av 1963 selde studioalbuma til Presley langt dårlegare enn filmmusikkalbuma. Innspelingane seint i mai enda med at ein ikkje hadde nok materiale til eit vanleg album, og desse songane dukka opp på singlar og fyll på filmmusikkalbum og samleplata Elvis for Everyone.[4] Den umiddelbare løysinga var nok ei samleplate med hit-singlar, og salstalet synte at det vart ein suksess.[5]

Golden Records Volume 3 inneheldt åtte singlar som nådde topp fem på singellista i USA, i tillegg til fire B-sider, «Fame and Fortune», «I Gotta Know», «Little Sister» og «Anything That's Part of You». Fem A-sider «Stuck on You», «It's Now or Never», «Are You Lonesome Tonight?», «Surrender» og «Good Luck Charm» nådde førsteplassen.

Det originale albumet vart først gjeve ut på CD i 1989. I 1997 kom det ut på CD igjen med seks bonusspor. Dette var to albumspor, to songar som opphavleg var gjevne ut på EP-ar og ei anna B-side, og dei to hitsinglane «Can't Help Falling In Love» frå filmmusikkalbumet Blue Hawaii. «The Girl of My Best Friend» var henta frå albumet Elvis Is Back!, og «Wooden Heart» kom frå filmmusikkalbumet til G.I. Blues. «Wooden Heart» vart gjeven ut på B-side to gonger, ein gong i 1964 og ein gong til i 1965, og B-sida «Wild in the Country» er tittelsporet til filmen med same namn. Dei to andre songane er filmsongar, «Follow That Dream» og «King of the Whole Wide World», frå EP-ar frå Presley-filmar Follow That Dream og Kid Galahad.

Den originale innspelinga vart produsert av Steve Sholes, Joseph Lilley, Chet Atkins, Urban Thielmann, Jeff Alexander og Hans J. Salter.

Remove ads

Medverkande

Remove ads

Innhald

Listeplasseringa gjeld for Billboard Pop Singles-lista med mindre det står noko anna.

Originalalbum

Side ein
Nr. Songtittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeving Listeplassering Lengd
1. «It's Now or Never» Eduardo di Capua, Aaron Schroeder, Wally Gold 3. april 1960 47-7777 5. juli 1960 1 3:15
2. «Stuck on You» Aaron Schroeder, S. Leslie McFarland 20. mars 1960 47-7740 23. mars 1960 1 2:18
3. «Fame and Fortune» Fred Wise, Ben Weisman 20. mars 1960 47-7740b 23. mars 1960 17 2:30
4. «I Gotta Know» Paul Evans, Matt Williams 3. april 1960 47-7810b 1. november 1960 20 2:15
5. «Surrender» Doc Pomus, Mort Shuman 30. oktober 1960 47-7850 7. februar 1961 1 1:52
6. «I Feel So Bad» Chuck Willis 12. mars 1961 47-7880 2. mai 1961 5 2:54
Side to
Nr. Songtittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeving Listeplassering Lengd
1. «Are You Lonesome Tonight?» Lou Handman, Roy Turk 3. april 1960 47-7810 1. november 1960 1 3:05
2. «(Marie's the Name) His Latest Flame» Doc Pomus, Mort Shuman 25. juni 1961 47-7908 8. august 1961 4 2:08
3. «Little Sister» Doc Pomus, Mort Shuman 25. juni 1961 47-7908b 8. august 1961 5 2:31
4. «Good Luck Charm» Aaron Schroeder, Wally Gold 15. oktober 1961 47-7992 27. februar 1962 1 2:24
5. «Anything That's Part of You» Don Robertson 15. oktober 1961 47-7992b 27. februar 1962 31 2:05
6. «She's Not You» Doc Pomus, Jerry Leiber og Mike Stoller 19. mars 1962 47-8041 17. juli 1962 5 2:08

Bonusspor på 1997-utgåva

Meir informasjon Nr., Songtittel ...
Remove ads

Lister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1963), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads