Blue Hawaii av Elvis Presley
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blue Hawaii er det fjortande albumet til Elvis Presley. Det kom ut på RCA Victor Records i mono og stereo den 20. oktober 1961.[5] Albumet inneheld filmmusikken som Presley spelte inn for filmen med same namn. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood den 21. til 23. mars 1961.[6] I USA låg albumet 20 veker på toppen av lista og 39 veker på topp 10 av Billboard Top Pop LPs-lista. Det selde til gullplate 21. desember 1961, platina og 2x platina den 27. mars 1992 og 3x platina den 30. juli 2002 hos Recording Industry Association of America.[7] Berre filmmusikken frå West Side Story var ein større suksess på den amerikanske Top Pop Albums-lista i 1960-åra.
Remove ads
Innhald
RCA og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, hadde først planlagt å gje ut eit filmmusikkalbum og eit vanleg album kvart år for Presley, i tillegg til fire singlar.[8] I samband med at filmen vart spelt inn på Hawaii, vart det lagt til element av musikk frå øygruppa, frå instrumenteringa til den tradisjonelle songen «Aloha 'Oe».[9] Tittelsporet vart teken frå Bing Crosby-filmen Waikiki Wedding frå 1937, og «Hawaiian Wedding Song» kom frå ein operette frå 1926.[10]
Songane «Can't Help Falling in Love» og «Rock-A-Hula Baby» vart gjevne ut på singel den 21. november 1961.[11] A-sida «Can't Help Falling in Love», som oftast avslutta konsertane til Elvis Presley i 1970-åra, nådde andreplassen på Billboard Hot 100, medan B-sida gjekk opp til 23. plassen.[12]
Albumet Blue Hawaii vart nominert til ein Grammy i 1961 i kategorien beste album med musikk frå film eller fjernsyn.[13]
Suksessen til filmen og føregjengaren G.I. Blues, som begge selde mykje meir enn dei to vanlege albuma til Presley på denne tida, Elvis Is Back! og Something for Everybody, sette standarden for resten av tiåret.[14] Parker og Presley fokuserte på filmkarrieren til Elvis, og gjennom 1960-åra vart det berre gjeve ut seks vanlege album og heile seksten filmmusikkalbum blant dei 27 filmane Presley spelte i og fjernsynsprogrammet hans frå 1968. Fem songar frå dette albumet kom ut i 1995 i filmmusikkboksen Command Performances: The Essential 60s Masters II: «Can't Help Falling in Love», «Rock-a-Hula Baby», «Blue Hawaii», «Hawaiian Wedding Song» og «Beach Boy Blues».[15]
Blue Hawaii kom ut på CD i 1997 og igjen i 2008. Den siste utgåva var ei luksusutgåve på Follow That Dream, med mange alternative opptak.[16]
Remove ads
Medverkande
- Elvis Presley – solovokal
- The Surfers – korvokal
- The Jordanaires – korvokal
- Boots Randolph – saksofon
- George Field – munnspel
- Freddie Tavares, Bernie Lewis – ukulele
- Hank Garland, Tiny Timbrell – akustisk gitar
- Scotty Moore – elektrisk gitar
- Alvino Rey – pedalsteelgitar
- Floyd Cramer – piano
- Dudley Brooks – piano, celesta
- Bob Moore – kontrabass
- D.J. Fontana, Bernie Mattinson, Hal Blaine – trommer
Remove ads
Innhald
Originalutgåve
1997-utgåva
Den 29. april 1997 gav RCA ut ei nymastra og utvida utgåve av albumet på CD. Spor 1-7 var sju songar frå side ein av den originale plata, og spor 8-14 var frå side to. Spor 15-22 var bonusspor som vart spelt inn under innspelinga, men ikkje tidlegare gjevne ut, utanom «Steppin' Out of Line» som kom ut på albumet Pot Luck with Elvis (1962).
Follow That Dream frå 2008
Remove ads
Plassering
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads