Elvis Now

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Elvis Now er eit musikkalbum av Elvis Presley frå 1972.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Trass i «now» i tittelen, vart songane på albumet spelt inn eitt til tre år før det kom ut. The Beatles sin «Hey Jude» vart ein song som var att etter innspelinga i American Studio i Memphis tidleg i 1969. «Sylvia» og «I Was Born About Ten Thousand Years Ago» vart spelt inn i Nashville i juni 1970 (små utdrag av sistnemnde kom ut på Elvis Country). Resten av songane var henta frå ei nyare innspeling i RCA Studio B i Nashville i mars, mai og juni 1971.

I motsetnad til dei andre albuma til Elvis frå denne tida (Elvis Country, He Touched Me og Elvis sings The Wonderful World of Christmas, som kvar omfatta ein særeigen sjanger), bestod Elvis Now av fleire sjangrar, inkludert country, gospel, soul og pop.

Den einaste singelen frå albumet, «Until It's Time for You to Go» / «We Can Make The Morning», nådde niandeplassen på Adult Contemporary Chart i USA i mars 1972 og femteplassen på UK Singles Chart i april 1972. Albumet selde til gullplate den 27. mars 1992 av RIAA. «Sylvia» vart ein stor hit for Elvis i Brasil i 1970-åra.

I 2010 vart ein utvida versjon av albumet gjeven ut som ein del av samleserien FTD. Denne bestod av det originale albumet frå 1972 og fleire bonusspor frå innspelinga i Nashville i 1971 («I'm Leavin'» og «It's Only Love»), ei B-side frå den komande «An American Trilogy»-singelen («The First Time Ever I Saw Your Face») og mange unytta opptak, som «Don't Think Twice, It's All Right» i ein uformell jam som varte meir enn ni minuttar (ein forkorta versjon vart gjeven ut i 1973 på Elvis).

Remove ads

Innhald

Originalutgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

[4]

2010-utgåva (FTD)

Meir informasjon Nr., Tittel ...

[5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads