Remove ads

Eurovision Song Contest 1963 (ESC 1963) var den åttande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i BBC Television Centre i London i Storbritannia. Finalen fann stad laurdag 23. mars. Danmark vann konkurransen med den danske songen «Dansevise», framført av Grethe Ingmann og Jørgen Ingmann.

Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Thumb
██ Land som deltok i konkurransen

Dei heldt på stemmesystemet frå året før, men utvida det slik at kvart land gav 5, 4, 3, 2 og 1 poeng til dei fem beste bidraga. Då Noreg annonserte stemmene til programleiar Katie Boyle, var det nokre tekniske problem som hindra ho i å høyre resultata, og ho sa ho skulle kome tilbake til Noreg til slutt. Alle andre hadde høyrt stemmene, og var sjokkerte då Noreg endra på resultata for å sikre sigeren til Danmark over Sveits.

Remove ads

Finale

Meir informasjon Nr., Land ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads