Eurovision Song Contest 1980
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest 1980 (ESC 1980), offisielt 25. Eurovisie Songfestival, var den 25. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Congresgebouw i Haag i Nederland. Finalen fann stad laurdag 19. april. Irland vann tevlinga med songen «What's Another Year», framført på engelsk av Johnny Logan.

Tevlinga vart arrangert i Nederland etter at vinnaren året før, Israel, nekta å påta seg arrangementet for andre år på rad. Den israelske regjeringa gjekk ikkje med på å utvide kringkastaren IBA sitt budsjett slik at ein kunne ta på seg arrangementet, og datoen som Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) hadde sett for tevlinga, 19. april, fall på same dag som den israelske minnedagen for falne i krig. Spania og Storbritannia skal båe ha vorte spurde om å påta seg arrangementet, men takka nei. Nederland gjekk deretter med på å arrangere tevlinga så lenge dei fekk kutte i produksjonskostnadane; som eit resultat av dette vart tevlinga halden på same stad som i 1976, og delar av scena si utforming var lik som i 1976.
Marokko deltok for fyrste gong dette året, medan Tyrkia kom attende til tevlinga. Monaco trekte seg frå tevlinga og kom ikkje att før i 2004.
Remove ads
Finalen
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «ESC 1980» frå Wikipedia på bokmål, «ESC 1980» frå Wikipedia på engelsk og VG.no, den 18. mars 2011.
Mal:Land i Eurovision Song Contest 1980 Mal:Uttakingar til Eurovision Song Contest 1980 Mal:Deltakarar i Eurovision Song Contest 1980 Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1980 Mal:Låtskrivarar i Eurovision Song Contest 1980
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads