Failaka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Failaka (arabisk جزيرة فيلكا, Jazīrat Faylakah) er ei øy i Persiabukta som høyrer til Kuwait. Øya ligg 20 km utanfor kysten frå Kuwait by. Namnet «Failaka» trur ein kjem frå det gammalgreske φυλάκιο(ν) eller Fylakio, som tyder 'utpost'.[1]
Remove ads
Historie
Failaka vart folkesett etter 2000 fvt., då det vart eit fall i havnivået.[2] Mesopotamiarar var dei fyrste som slo seg ned på øya.[3][4] Handelsfolk frå den sumeriske byen Ur slo seg ned på Failaka og dreiv handel.[3][4] Failaka hadde mange bygningar i mesopotamisk stil, som ein typisk finn i Irak frå tida kring 2000 fvt.[3]
Frå 4000 til 2000-talet fvt. heldt Dilmun-sivilisasjonen til i Kuwait-bukta, og kontrollerte mellom anna Failaka.[5][6][7][8] I Dilmun-tida vart Failaka kalla «Agarum», landet til Enzak, ein stor gud i Dilmun-sivilisasjonen i følgje sumerisk kileskrift som vart funnen på øya.[5] Som ein del av Dilmun vart Failaka eit senter for sivilisasjonen frå sutten av 2000-talet til midten av det første tusenåret fvt.[5]
Etter Dilmun-sivilisasjonen var Failaka busett av kassittar frå Mesopotamia,[9] og var formelt under kontrollen til det kassittiske dynastiet i Babylon.[9] Studiar har synt spor etter menneske på Falaika attende til sluten av 2000-talet fvt., og fram til 1900-talet evt.[5] Mange av gjenstandane ein har funne på Falaika er knytte til Mesopotamia og verkar å vise at Failaka gradvis vart trekt mot den sivilisasjonen som var basert i Antiokia.[10]
Ein gong etter den første framrykkinga til Aleksander den store i regionen i 311 fvt. eller i perioden 324-323 fvt., då han vende attende til Mesopotamia, koloniserte gamle grekarar øya, som dei kalla «Ikaros» etter den greske øya i Egearhavet og den mytiske helten Ikaros. Dette gjorde dei visstnok fordi øya hadde same forma som øya i Egearhavet. Somme element av gresk mytologi vart blanda med lokale kultar. «Ikaros» var òg namnet på ein by som låg på Failaka.[11] Ein har gjort funn av ein busetnad med eit stort hellenistisk fort og to greske tempel.[12]
Under Nebukhadnesar II hamna Failaka under babylonsk kontroll.[13] Dokument i kileskrift funne på Failaka indikerer at babylonarar budde på øya.[14] Babylonske kongar var på Failaka under Det nybabylonske riket, Nabonidus hadde ein guvernør på Failaka og Nebukhadnezzar II hadde eit palass og tempel på Falaika.[15][16] Failaka hadde òg tempel for dyrking av Shamash, den mesopotamiske solguden.[16]
I 127 fvt. vart kongedømet Kharasene grunnlagt kring Kuwaitbukta, nær Failaka. Kharasene utgjorde den sørlege delen av Mesopotamia,[17] og omfatta Failaka.[18] På denne tida var det ein travel handelsstasjon på øya.[19]
Ein kristen nestoriansk busetnad blømde på Failaka frå 400- til 800-talet.[20] Utgravingar har vist fleire gardar, landsbyar og to store kyrkjer daterte frå 400- og 500-talet.[20] Ruinar av nestorianske kyrkjer frå bysantinsk tid vart funne ved Al-Qusur på Failaka. Ein har òg funne keramikk datert frå 600- til 800-talet.[21][22]
Sidan eit dansk utgravingslag leia av Geoffrey Bibby gjorde arkeologiske undersøkingar her i 1950-åra har arkeologar frå Frankrike, USA, Slovakia, Italia, Hellas og seinare frå Polen og Georgia arbeidd på Failaka.[23][24]
Før den irakiske invasjonen hadde øya over to tusen innbyggjarar og fleire skular. Landsbyen Al-Zawr låg nær midten på den nordvestre sida av øya. Det var den lengste kontinuerleg busette staden i Kuwait. I 1990 og 1991 invaderte Irak øyane og alle innbyggjarane vart drivne til fastlandet. Det irakiske militæret minela strendne og brukte anlegg og bygningar på øya som øvingsmål. I 1991 tvinga dei allierte styrkane den irakiske hæren til å overgje seg.[25] Kloakksystemet vart øydelagt og det er enno ikkje blitt ordentleg reparert. Mange gamle heimar står tomme og forfell, ofte fulle av kulehol.
Etter krigen vart Failaka reinska for miner, men vart verande under militær bruk. Likevel er Failaka ein populær feriestad frå Kuwait by. Ferja «Ikarus» tar passasjerar ut til øya.
Remove ads
Klima, geografi og folkesetnad

Failaka ligg heilt nord i Persiabukta. Failaka har eit økosystem som skil seg frå det kuwaitiske fastlandet, og dei mange blomane og dei varierande temperaturane gjer at mange kuwaitarar dreg hit om våren. Sjølv om infrastrukturen på øya framleis er dårleg, har Failaka byrja å utvikle ein lokal turistindustri, med fiske, båtliv, bading, segling og vassport.
Dei fleste kuwaitiarane frå Failaka har iransk avstamming.[26] Dei kom opphavleg til Failaka frå iranske kystområdet, hovudsaleg frå Kharg-øya og Bandar Lengeh.[26] Desse «iranske arabarane» vert ofte omtalte som huwala.[26] Dei er hovudsakleg sunnimuslimar og snakkar arabiske flytande, sjølv om dei før endringane knytte til petroleumsfunna i området også snakka persisk flytande.[26] Den største huwala-busetnaden på Failaka omfatta rundt 40 familiar som migrert frå Kharg til Failaka i tidsrommet 1841–1842.[26] Den nyaste busettinga fann stad tidleg på 1930-talet etter innføringa av slørforbodet til Reza Shah.[26] Eit mindretal av dei kuwaitiske familiane frå Failaka er sjia-persarar, som hadde sine eigne hussainiya (sorghus) og som ofte snakka arabisk, til forskjell frå kuwaitiske sjiaer av persisk opphav i Kuwait by på fastlandet på den tida.[26]
Dei få attverande lokale innbyggjarane er stort sett folk som budde med familiane sine på øya før den irakiske invasjonen i 1990. Dei fleste innbyggjarane har eigne båtar og somme driv med turisme.
Det er planlagt å gjenopne museum og arkeologiske stader på øya.
Remove ads
Galleri
- Hamn på Failaka
- Ei forlaten grein av Nasjonalbanken i Kuwait.
- Militærøving med amerikanske og kuwaitiske styrkar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads