Foreign Affair av Tina Turner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Foreign Affair er det sjuande soloalbumet til Tina Turner, gjeve ut på Capitol Records i 1989. Det var det tredje albumet til Turner etter det særs suksessrike comebacket hennar seks år tidlegare og sjølv om albumet ikkje vart ein stor suksess i heimlandet USA, nådde det toppen av den britiske UK Albums Chart, den første førsteplassen hennar der. Albumet inneheld singelen «The Best», som har blitt ein av dei mest kjende songane til Turner.
Remove ads
Salssuksess
Sjølv om Foreign Affair ikkje gjorde det like bra som dei førre albuma til Turner, Private Dancer og Break Every Rule, i USA, der det ikkje nådde topp 30 ein gong på Billboard 200, vart det ein hit verda over og selde over seks millionar eksemplar.[2] Albumet nådde toppen av albumlista i Storbritannia og selde over 1,5 millionar eksemplar der. Albumet gjekk òg til topps i mellom anna Tyskland og Sverige og toppa Europalista i fire veker.
Remove ads
Singlar
I Europa vart seks av songane på albumet hitsinglar. «The Best» (UK #5), «Steamy Windows» (UK #13), «I Don't Wanna Lose You» (UK #8), «Foreign Affair» (Polen #7), «Look Me In The Heart» (U.S. AC #4 & UK #31) og «Be Tender With Me Baby» (UK #28).
Innhald
B-sider
Medverkande
- Tina Turner - solovokal (alle spor), korvokal (spor 3, 7-8, 10)
- Tony Joe White - gitar (spor 1, 3-4, 12), munnspel (1, 3), synthesizer (1, 4)
- Dan Hartman - akustisk gitar (spor 2, 6, 8, 11), klaverinstrument (2-3, 11), elektrisk piano (1, 3-4), orgel (1, 4), trommemaskin (5, 11), bass-synthesizer (11), korvokal (2, 5)
- Eddie Martinez - rytmegitar (spor 1, 3-4), alle gitarar (5)
- Neil Taylor - gitar (spor 1)
- James Ralston - rytmegitar (spor 2, 6-8), alle gitarar (10)
- Gene Black - rytmegitar (spor 2, 7-8), gitar solos (6-7), alle gitarar (10)
- Pat Thrall - gitar (spor 2, 8, 11), sologitar (6)
- Phil Palmer - gitar (spor 9)
- Mark Knopfler - gitar (spor 12)
- Elliot Lewis - strykarar (spor 2, 8), klaverinstrument (2, 8), flute (11)
- Nick Glennie-Smith - strykarar (spor 10, 12), klaverinstrument (10, 12), synth bass (12)
- Gary Barnacle - alle saksofonar (spor 1, 12), saksofonsolo (10)
- Edgar Winter - saksofonsolo (spor 2)
- Timmy Cappello - saksofonsolo (spor 5, 8)
- Phil Ashley - klaverinstrument (spor 2, 7), basspuls (2), orgel (6), synthesizer (6), strykarar (6-8), akustisk piano (8), fløyte (8)
- Philippe Saisse - klaverinstrument (spor 2-3, 6-8), slap-bass (3), fløytesolo (5), chimes (7)
- Casey Young - klaverinstrument (spor 10)
- Jeff Bova - synthesizer (spor 3), blåsarar (1, 4-5), orgel (4), strykarar (5)
- Carmine Rojas - bassgitar (spor 1, 4-5)
- T.M. Stephens - bassgitar (spor 2-3, 6-8, 11)
- Rupert Hine - bass, trommemaskin, klaverinstrument, korvokal (spor 9)
- J.T. Lewis - trommer (spor 1, 3-5)
- Art Wood - trommer (spor 2, 6-8)
- Geoff Dugmore - trommer (spor 10)
- Albert Hammond - perkusjon shaker, korvokal (spor 10)
- Danny Cummings - perkusjon (spor 3-4), congas (7)
- Lance Ellington - korvokal (spor 2-3, 5, 7-8, 11)
- Tessa Niles - korvokal (spor 2-3, 5-8, 11)
- Sandy Stewart - korvokal (spor 9)
- David Munday - korvokal (spor 9)
- Roger Davies - korvokal
- Graham Lyle - korvokal (spor 10)
- Holly Knight - korvokal (spor 10)
Remove ads
Produksjon
- Dan Hartman - plateprodusent alle spor der andre ikkje er nemnde
- Roger Davies - leiande produsent, produsent «I Don't Wanna Lose You» & «Foreign Affair»
- Tina Turner - leiande produsent, produsent «The Best» & «Ask Me How I Feel»
- Rupert Hine - produsent «Falling Like Rain»
- Albert Hammond - produsent «I Don't Wanna Lose You»
- Graham Lyle - produsent «I Don't Wanna Lose You»
- Tony Joe White - produsent «Foreign Affair»
- Chris Lord-Alge - miksing
- Andrew Scarth - lydteknikar
- Mike Ging - lydteknikar
- Nick Froome - lydteknikar
- Darren Allison - lydteknikar (assisterande)
- Tim Leitner - lydteknikar (assisterande)
- Lee Curle - lydteknikar (assisterande)
- Paul Logus - lydteknikar (assisterande)
- Innspelt i The Hit Factory, New York, New York.
- Overdub i Ezee Studios (London), Mayfair Studios (Primrose Hill, London), and Swanyard Studios (London)
Remove ads
Lister
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Singlar
Promosinglar i Europa
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads