4 Way Street
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
4 Way Street er det tredje albumet til Crosby, Stills & Nash, og det andre som Crosby, Stills, Nash & Young, samt det første konsertalbumet deira. Det vart opphavleg gjeve ut i 1971, selde til gullplate og nådde toppen av albumlista i USA. Innspelingane vart gjort på turneen deira året før i The Fillmore East i New York, 2. til 7. juni 1970, The Chicago Auditorium i Chicago, 5. juli 1970 og The Forum i Los Angeles, 26. til 28. juni 1970.
Remove ads
Historie
Albumet inneheld songar som tidlegare var gjeven ut på studioalbum, både av bandet og av dei fire individuelle medlemmane. To songar kvar av Nash og Crosby var ikkje enno gjeven ut offisielt då albumet kom: «Chicago», som like etter kom ut på Nash sitt Songs for Beginners og «Right Between the Eyes», «The Lee Shore» og den kontroversielle «Triad» av Crosby. Sistnemnte var spelt inn av Jefferson Airplane på deira Crown of Creation i 1968 og av The Byrds, men The Byrds si utgåve kom først ut som bonusspor på The Notorious Byrd Brothers i 1997.
Då dette albumet vart spelt inn var det stor splid i gruppa, og kranglinga i garderobane vart materiale for rockelegendene, og vart til og med omtalt av Frank Zappa og the Mothers of Invention på plata deira Fillmore East - June 1971. Kranglinga førte til at bandet vart oppløyst kort tid etter turneen (og mange månader før albumet kom ut). Det neste albumet til CSN (utan Young) kom først ut i 1977, CSN.
4 Way Street kom ut på CD i 1992. Den utvida utgåva inneheld fire solosongar av kvart medlem. Young spelte ein trio av songar frå dei to første soloalbuma sine, som ein medley, Stills hadde med «Black Queen» frå det sjølvoppkalla debutalbumet, Crosby spelte «Laughing» frå hans debutalbum og Nash gjorde «King Midas in Reverse», ein singel av The Hollies frå 1967.
Fleire songar frå turneen kom ut på Young sitt The Archives Vol. 1 1963–1972, som kom i 2009.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- David Crosby – vokal, gitar
- Stephen Stills – vokal, gitar, piano, orgel
- Graham Nash – vokal, gitar, piano, orgel
- Neil Young – vokal, gitar
- Calvin «Fuzzy» Samuels – bass
- Johnny Barbata – trommer
Produksjon
- Crosby, Stills, Nash & Young – produsentar
- Bill Halverson – lydteknikar
- Gary Burden – kunstnarisk leiar/design, fotografi
- Joel Bernstein – fotografi
- Henry Diltz – fotografi
- Joe Gastwirt – digital remastering
Salslister
Album
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads