Baby, I Love Your Way
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Baby, I Love Your Way» er ein song skriven og framført av den engelske songaren Peter Frampton. Han kom ut i september 1975 og vart først gjeven ut på Frampton-albumet Frampton i 1975. Songen glir over frå det førre sporet, «Nassau», på albumet.
Eit konsertopptak av songen vart gjeve ut på albumet Frampton Comes Alive! i 1976, og ein singel vart gjeven ut frå dette albumet. Singelen vart populær og nådde 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.[1] Singelen nådde òg tredjeplassen i Canada.
Remove ads
Innhald
7"-singel – United States (1975)
- «Baby, I Love Your Way» – 3:17
- «(I'll Give You) Money» – 4:35
7"-singel – USA (1976)
- «Baby, I Love Your Way» – 3:28
- «It's a Plain Shame» – 4:21
Salslister
Remove ads
Will to Power-versjonen
I 1987 spelte det amerikanske dance-pop-bandet Will to Power inn Baby, I Love Your Way/Freebird Medley (Free Baby). Songen kombinerer element frå dei rockesongane «Baby, I Love Your Way» og det amerikanske Southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd sin song «Free Bird», som vart ein hit i 1975. Will to Power sin medley nytta ein meir syntetisk danserytme (i staden for den balladeprega stilen på dei to originale songane). Han låg ei veke på toppen av Hot 100-lista i USA den 3. desember 1988.[12] Songen nådde òg andreplassen på Billboard adult contemporary-lista.[13]
I mars og april 2009 køyrde VH1 ei nedteljing av dei 100 beste «one hit wonder»-artistane i 1980-åra. Denne versjonen vart då rangert på 97. plassen på lista, trass i at dei fekk ein ny hit i 1991 med ein versjon av 10cc-hitten «I'm Not in Love.»
Spor
- Nederland 12"-singel
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Big Mountain-versjonen
Songen vart spelt inn av det amerikanske reggae/popbandet Big Mountain i 1994, og denne nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100-lista[1] og andreplassen på UK Singles Chart (bak «Love is All Around» av Wet Wet Wet). Versjonen deira vart ein hit verda over og nådde topp 10 i mange land i Europa. Versjonen finst på filmmusikkalbumet til Reality Bites frå 1994.
Musikkvideoen vart regissert av Matti Leshem og først send i april 1994.[24]
Innhald
CD-singel – Europa (1994)
- «Baby, I Love Your Way» – 4:28
- «Baby, I Love Your Way» (6 Point 6 on the Richter Scale Mix) – 6:54
- «Baby, te quiero a tí» – 4:40
Salslister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Andre versjonar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads