From Elvis in Memphis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

From Elvis in Memphis er det 15. studioalbumet til rock and roll-songaren Elvis Presley, gjeve ut på RCA Records. Det vart innspelt i American Sound Studio i Memphis i januar og februar 1969 under rettleiinga til produsenten Chips Moman og akkompagnert av husbandet hans, uformelt kalla «The Memphis Boys». Etter suksessen til Presley på julesendinga hans i desember 1968 og albumet frå showet, markerte albumet eit steg attende til album som ikkje vart spelte inn for filmmusikk. Kontrakten til Presley med Paramount Pictures var no gått ut.

Meir informasjon Elvis Presley-kronologi, Singlar frå ...

Gruppa av folk rundt Presley oppfordra han til å forlate RCA sine studio og spele inn albumet i American Sound, eit nytt studio i Memphis som på denne tida hadde produsert ei rekkje hittar. Årsaka til at han gjekk til studioet til Moman var for soul-stilen til husbandet, «The Memphis Boys». Det vart spelt inn fleire countrysongar for albumet, og innspelingane gav dei ei «country-soul»-aktig kjensle. Dette vert mellom anna lagt vekt på med mykje bruk av dobro i arrangementet.

From Elvis in Memphis kom ut i juni 1969 og fekk god kritikk. Albumet nådde 13. plassen på Billboard 200, andreplassen på countrylista og gjekk heilt til topps i Storbritannia. Singelen «In the Ghetto» nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100. Albumet selde til gullplate i 1970. Fleire år seinare fekk det framleis god meldingar og vart rangert på 190. plassen på lista til Rolling Stone på lista si frå 2003 over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Remove ads

Bakgrunn

Då Presley kom attende frå militærtenesta si i 1960, skifta manageren hans, Colonel Tom Parker, fokus frå karrieren hans med konsertar og studioalbum, til filmar og filmmusikkalbum.[2] I mars 1961 framførte han det som vart den siste konserten hans på åtte år.[3] Første halvdelen av 1960-åra nådde tre av filmmusikkalbuma hans toppen av poplistene og dei fleste av dei mest populære songane hans kom frå filmar, inkludert «Can't Help Falling in Love» i 1961 og «Return to Sender» i 1962.[4]

Etter 1964 meinte Parker at Presley berre skulle spele inn filmmusikkalbum. Han såg på filmane og filmmusikken som komplementære, at dei marknadsførte kvarandre.[5] Det viste seg at den kommersielle suksessen til filmane og filmmusikkalbuma til Presley gradvis dalte (Paradise, Hawaiian Style; Easy Come, Easy Go; Speedway),[4] medan Presley sjølv i aukande grad var misnøgd med kvaliteten.[2] Frå 1964 til 1968 hadde Presley berre ein hit på topp 10: «Crying in the Chapel» (1965), ein gospelsong spelt inn i 1960. Det vart berre gjeve ut eitt album med nye songar som ikkje var meint for film: gospelalbumet How Great Thou Art (1967), som han vann den første Grammyprisen sin for, i kategorien beste andelege album.[4]

I 1968 fekk Colonel Parker i stand ein avtale med NBC for eit fjernsynsprogram i jula der Presley spelte føre eit publikum. Parker hadde opphavleg tenkt at Presley berre skulle spele julesongar, men produsenten Steve Binder overtydde songaren om å spele songar frå repertoaret sitt. Dei høge sjåartala og suksessen til albumet som kom ut med songar frå sendinga, gjorde Presley igjen populær.[6] Under innspelinga av sendinga sa Presley til Binder: «Eg skal aldri synge ein song til eg ikkje trur på. Eg skal aldri spele inn ein film til eg ikkje trur på.»[7] Som eit ledd i avgjersla om å fokusere meir på musikk enn film, valde Presley å spele inn eit nytt album.[6]

Remove ads

Innspeling

Presley forlét dei faste musikarane og studioet sitt (Radio Recorders i Hollywood og RCA Studio B i Nashville i Tennessee), og spelte inn nye songar i Memphis.[8] Etter TV-sendinga snakka han med Scotty Moore og D.J. Fontana, som hadde spelt med Presley i den tidlege karrieren sin, og dei kom med han på TV-sendinga. Presley spurte Moore om å bruke Music City Recorders i Nashville, men dette vart aldri noko av.[9]

I januar 1969 hadde Presley eit møte i Graceland, der Presley fortalte den faste produsenten sin, Felton Jarvis, at han ikkje ønskte å spele inn det neste albumet sitt i RCA Studios. To av venene til Presley, DJ George Klein og Marty Lacker, føreslo at han kunne bruke American Sound Studio, eit lovande studio der Lacker var involvert.[9] RCA kontakta produsenten for studioet, Chips Moman. Moman var villig til å arbeide med Presley, og utsette ei innspeling med Neil Diamond etter å ha blitt beden om å produsere innspelingane med Felton Jarvis som andreprodusent.[10] Dei vart samde om at innspelingane til Presley skulle ta ti dagar og koste 25 000 US-dollar.[11] Han skulle akkompagnerast av husbandet til studioet, 827 Thomas Street Band (uformelt kalla «The Memphis Boys»),[12] som bestod av Reggie Young på gitar, Tommy Cogbill og Mike Leech på bass, Gene Chrisman på trommer, Bobby Wood på piano og Bobby Emmons på orgel.[13]

Sjølv om RCA Records hadde eit prinsipp om å berre bruke sine eigne studio, sende selskapet personell ut til American Sound.[14] Innspelinga byrja 13. januar 1969, då Presley kom til studio med ei forkjøling.[15] I tillegg til gruppa kring seg, hadde han med seg Hill & Range-forleggjaren Freddy Bienstock, assistenten til Colonel Parker, Tom Diskin, produsenten Felton Jarvis, leiaren Harry Jenkins og lydteknikar Al Pachucki, som representerte RCA Records. Med Pachucki ombord, vart American Sound-lydteknikaren Ed Kollis med som musikar på munnspel.[16] Innspelinga, som produserte innspelingar av «Long Black Limousine», «Wearin' That Loved On Look» og fleire songar som ikkje vart nytta på albumet, vart avslutta kl. 0500 om morgonen.[17] Etter den første innspelingsdagen var Moman og kollegaene hans misnøgde med at Presley hadde så mange folk med seg, og songaren hadde med seg færre folk på resten av innspelinga.[10]

Dagen etter spelte Presley inn «I'm Moving On» og «Gentle on My Mind», og forlét studio under innspelinga av sistnemnde for å kvile stemma si.[18] Kvelden etter møtte han ikkje opp då forkjølinga hadde blitt verre,[17] og 15. og 16. januar spelte husbandet inn akkompagnement for resten av innspelinga. Presley kom attende 20. januar og spelte inn «In the Ghetto» på 23 forsøk og gjorde ferdig vokalen til «Gentle on My Mind». Den 22. januar spelte han inn Eddy Arnold sin «I'll Hold You in My Heart (Till I Can Hold You in My Arms)» og singelen «Suspicious Minds», som ikkje kom med på albumet.[19] Presley tok så ein pause frå innspelinga og drog på ferie til Aspen i Colorado for å feire eittårsdagen til dottera Lisa Marie.[18]

Medan Presley var borte, snakka Moman med Bienstock, som var uroa for framtidige problem om songutgjevingane. Moman og Presley ønkte ikkje å spele inn Hill & Range-songar, og brukte i staden songar av American Sound-låtskrivarar. Sæleg Bienstock var interessert i «Suspicious Minds» og «Mama Liked the Roses», og åtvara om at Moman måtte seie frå seg forlagsrettane til desse songane. Som svar bad Moman Bienstock ta alle innspelingane og forlate studioet.[20] RCA-nestsjefen Harry Jenkins kom i mellom og tok sida til Moman, og bad Bienstock om å halde seg borte frå studio og la Presley få arbeide med besetninga der.[10] Samstundes informerte Diskin Presley om forlagsproblema. Presley støtta Moman og forsikra Diskin om at han og produsenten skulle ta seg av innspelingane. Diskin tok kontakt med Parker, som bad han dra attende til California.[21] Moman fekk halde forlagsrettane og innspelingane vart planlagt å halde fram nokre veker seinare.[22]

Presley kom attende 17. februar og spelte inn «True Love Travels on a Gravel Road» og «Power of My Love», og Eddy Arnold sin «After Loving You» og «Do You Know Who I Am?» dagen etter.[23] Den 19. februar brukte han det meste av innspelingane på singelen «Kentucky Rain», ein av få Hill & Range-songar som vart spelte inn under American Sound-innspelingane. Presley følgde så på med innspelinga av «Only the Strong Survive», ein hit for Jerry Butler det førre året, som tok 29 opptak.[24] Den 20. februar spelte han inn Johnny Tillotson sin «It Keeps Right on a Hurtin'» på tre forsøk og «Any Day Now» på seks.[25] Den siste innspelingsdagen til Presley var 22. februar då han spelte inn vokal for «True Love Travels on a Gravel Road» og «Power of My Love» og fleire songar som ikkje kom med på albumet.[26] Månaden etter byrja Mike Leech og Green Spreen arbeide med å leggje på strykarar og blåsarar for å gjere ferdig albumet;[27] fleire blåsarar vart spelte inn av The Memphis Horns.[28]

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Singelen «In the Ghetto» kom ut 15. april og RCA sende ut 300 000 eksemplar. Den andre veka etter at singelen kom ut, gjekk han inn på listene, der han låg i tretten veker (og nådde tredjeplassen den 14. juni).[27] Singelen selde ein million eksemplar i USA. Samstundes nådde han andreplassen i Storbritannia.[29] Suksessen førte til strid mellom RCA og American Sound. Under innspelingane hadde den faste produsenten til Presley, Jarvis, blitt stadig meir uroa over å miste kontroll over Presley og innspelingane hans.[26] Dei to første vekene på listene vart produksjonen for «In the Ghetto» tilskriven Jarvis. Lacker ringde så til Billboard og bad dei rette dette til Moman. Den fjerde veka bad Parker Billboard om å fjerne kven som hadde produsert innspelinga heilt, og hevda at innspelingane til Presley vanlegvis ikke oppførte produsenten.[27]

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

From Elvis in Memphis kom ut i juni 1969. Albumet toppa UK Albums Chart, og sende Jethro Tull sitt Stand Up ned frå toppen i ei veke.[39] I USA nådde det 13. plassen på Billboard Top LP's,[40] og vart rangert på 17. plassen på lista til magainset over dei beste countryalbuma i 1969.[41] 28. januar 1970 selde albumet til gullplate i USA for over 500 000 selde eksemplar.[42]

Den 23. august 1969 var Presley på omslaget til Rolling Stone, og albumet var hovudmeldinga til magasinet.[43] Peter Guralnick, som melde albumet, skildra det som «flott ... rett og slett like bra som noko (Presley) har gjort tidlegare» og hylla «den tydelege lidenskapen Presley song songane med», og la til: «han prøver og prøver særs hardt å gjere oss til lags. Han treng merksemda vår ... Det er involveringa hans som til sjuande og sist er overraskande.»[44] Billboard publiserte òg ei positiv melding og sa at Presley har «aldri høyrt betre ut, og songutvalet er perfekt».[31] High Fidelity skriv «Elvis har vore gjennom mange stadium, og det siste er hans beste».[32]

From Elvis in Memphis har halde fram å få gode meldingar gjennom året. I 2009 skildra Rolling Stone det som «ekstraordinært» og tilskrive suksessen til Presley sin «nye modenheit og sjelfullheit» og det «varme og sørlege akkompagnementet» til Moman.[45] AllMusic gav albumet full pott og har trekt albumet fram som eit av albuma dei verkeleg tilråder.[30]

Remove ads

Ettermæle

Etter American Sound-innspelinga drog Presley attende til Hollywood. Mellom mars og april 1969 spelte han inn filmmusikk og spelte inn den 31. og siste filmen sin som skodespelar, Change of Habit.[46]

Då albumet kom ut fekk Parker ordna det slik at Presley kom attende på scenen. Han fekk ein avtale med Kirk Kerkorian, som eigde Las Vegas International Hotel, der Presley skulle spele i den ny bygde 2 000-seter store salen i fire veker (to konsertar per kveld utanom mandagar) for 400 000 dollar.[47] For konsertane sette han saman eit band som seinare vart kalla TCB Band: James Burton (gitar), John Wilkinson (rytmegitar), Jerry Scheff (bassgitar), Ronnie Tutt (trommer), Larry Muhoberac (piano) og Charlie Hodge (rytmegitar, korvokal). I tillegg til bandet var The Sweet inspirations og The Imperials med på korvokal.[46] Dei første Las Vegas-konsertane hans vart spelt føre i alt 101 500 menneske, og sette ny rekord for Las Vegas.[47] I 1970 la Presley ut på turné i USA for første gongen på 13 år.[48]

Nyutgåver

I 2000 gav RCA ut ei nymastra utgåve av From Elvis in Memphis, inkludert seks bonusspor (med A- eller B-sider) som vart spelte inn under innspelinga av albumet. «Don't Cry Daddy» og «Kentucky Rain» vart mindre hittar i 1970, men «Suspicious Minds» vart ein av signaturlåtane til Presley og vart den siste songen hans som nådde toppen av singellista i USA i karrieren.[49] I 2003 vart albumet rangert på 190. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[50] I 2009 gav Sony Music Entertainment ut ei Legacy RCA-utgåve av albumet for 40-årsjubileet:[51] to plater (From Elvis In Memphis og studioplata av From Memphis To Vegas/From Vegas To Memphis), fire unytta opptak og ti songar som opphavleg vart gjeven ut som singlar i mono (inkludert «Suspicious Minds» og «Kentucky Rain»).[52]

Remove ads

Medverkande

  • Wayne Jackson, Dick Steff, R.F. Taylor – trompet
  • Ed Logan, Jack Hale, Gerald Richardson – trombone
  • Tony Cason, Joe D'Gerolamo – valthorn
  • Andrew Love, Jackie Thomas, Glen Spreen, J.P. Luper – saksofon
  • Joe Babcock, Dolores Edgin, Mary Greene, Charlie Hodge, Ginger Holladay, Mary Holladay

Millie Kirkham, Ronnie Milsap, Sonja Montgomery, June Page, Susan Pilkington, Sandy Posey Donna Thatcher, Hurschel Wiginton – korvokalistar

Remove ads

Innhald

Originalutgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

1998-utgåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...

2009-utgåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Lister

Album

Meir informasjon Liste, Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads