From a Lover to a Friend
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«From a Lover to a Friend» er ein song av Paul McCartney frå 2001 på albumet hans Driving Rain. Han vart gjeven ut på singel og låg to veker på UK Singles Chart, der han nådde 45. plassen.[1] Singelen nådde òg sjetteplassen i Canada.[2] I USA var songen B-side til singelen «Freedom» og nådde 24. plassen på Billboard Adult Contemporary-lista.
Kritikarane såg på songen som ein ballade der McCartney prøver å avfinne seg med dødsfallet til kona Linda,[3] og song «let me love again»; men McCartney sjølv var mindre sikker på kven songen var til i eit intervju med Howard Stern.[4] The Guardian kalla songen «eit meisterverk... så delikat og ærleg at det høyrest meir eller mindre perfekt ut.»[3]
«From a Lover to a Friend» vart spelt inn 27. februar 2001 med McCartney på bass og piano, Abe Laboriel jr. på trommer, Rusty Anderson på 12-strengs elektrisk gitar og Gabe Dixon på piano.[5]
Remove ads
Innhald
- 7"-singel
- «From a Lover to a Friend» – 3:48
- «Riding Into Jaipur» – 4:08
- CD-singel
- «From a Lover to a Friend»– 3:49
- «From a Lover to a Friend» (David Kahne Remix 1) – 3:44
- «From a Lover to a Friend» (David Kahne Remix 2) – 5:27
- Kassettsingel[6]
- «From a Lover to a Friend» – 3:48
- «Riding Into Jaipur» – 4:08
- «From a Lover to a Friend» (David Kahne Remix 2) – 5:27
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads