Driving Rain

album av Paul McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Driving Rain er det 12. studioalbumet til Paul McCartney. Albumet vart spelt inn og kom ut i 2001.

Meir informasjon Paul McCartney-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn

McCartney ønskte å spele in Driving Rain på liknande måte som Run Devil Run. Utanom to songar, vart det spelt inn med David Kahne som produsent på berre to veker, med start i februar 2001. I studio tok McCartney med seg musikarane han hadde tenkt å bruke på den påfølgjande turneen. Biletet på plateomlaget vart teke med eit armbandsur med innebygd kamera frå Casio,[1] og ikkje eit Game Boy-kamera slik ein tidlegare trudde.

Remove ads

Musikk og tekst

Driving Rain inneheld mange songar inspirert av og skrivne for Heather Mills[treng kjelde], som vart den andre kona til McCartney. «Back in the Sunshine Again» vart skriven av McCartney og sonen, James.[2] Den 11. september 2001 sat McCartney på eit fly i New York City då terroriståtaka skjedde og vart vitne til hendingane frå flysetet. Som ein reaksjon på tragedien skreiv han «Freedom» og organiserte i lag med Harvey Weinstein The Concert for New York City, eit massivt stjerneshow i Madison Square Garden den 20. oktober der «Freedom» vart framført.

Songen «About You» vart skriven for Mills, som takk for å hjelpen McCartney fekk med å takle sorga etter at den første kona hans, Linda McCartney, døydde.[3]

Remove ads

Utgjeving

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

I november 2001 kom Driving Rain ut til sterke meldingar, men det selde overraskande dårleg, berre 66 000 eksemplar den første veka i USA.[16] Det kan ha kome av mangelen på ein hitsingel, og Driving Rain nådde 46. plassen i Storbritannia,[17] og vart det dårlegast selde albumet hans i heimlandet. I USA nådde albumet 26. plassen og selde til gullplate.

I april 2002 la McCartney ut på Driving World-turneen.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Paul McCartney, utanom «Spinning on an Axis» og «Back in the Sunshine Again» skrivne i lag med James McCartney

Sidan «Freedom» vart lagt til Driving Rain i siste augneblink, står han ikkje oppført i plateomslaget og er dermed eit løynd spor. «Freedom» var eit konsertopptak frå The Concert for New York City med seinare studioopptak lagt til.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Medverkande per plateomslaget.[18]

Musikarar

Produksjon

  • David Leonardmiksing
  • David Kahne – produsent
  • Paul McCartney – leiande produsent
  • Mark Dearnley – lydteknikar
  • Jaime Sickora – assisterande lydteknikar
  • Kevin Mills – assisterande lydteknikar
  • Geoff Emerick, Paul Hicks – andre lydteknikarar
  • Mark Dearnley, David Kahne – miksing
  • Stephen Marcussen – mastering
  • Stewart Whitmore – digital redigering
  • Norman Hathaway med Micha Weidmann, Donat Raetzo – design
  • Paul McCartney, Heather Mills – fotografi
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2001), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads