Futuristic Dragon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Futuristic Dragon er det ellevte studioalbumet til det engelske rockebandet T. Rex, gjeve ut 30. januar 1976 på EMI Records, utanom i Nord-Amerika. Før albumet kom det ut to suksessrike singlar som begge gjekk inn på den britiske singellista, «New York City» og «Dreamy Lady». Marc Bolan eksperimenterte på dette albumet og blanda rock med soul og disco på somme spor.
Remove ads
Musikk og plateomslag
Albumet har ein uvanleg tett produksjon av songaren og låtskrivaren Marc Bolan, særleg på «Chrome Sitar» og «Calling All Destroyers», som inneheld uvanlege instrument som sitar og andre lydeffektar.
Albumet inneheld eit nikk til den nye sjangeren disco på sporet «Dreamy Lady», som kom ut på singel under namnet «T Rex Disco Party». Futuristic Dragon inneheld òg songar kraftig påverka av amerikanske soul, som Bolan hadde eksperimentert med sidan 1973. «All Alone», «Ride My Wheels» og «Dawn Storm» var alle hovudsakleg soul-songar.
Plateomslaget vart illustrert av George Underwood, som først hadde arbeidd med Bolan på Tyrannosaurus Rex-albumet My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... i 1968.
Remove ads
Utgjeving
Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, «New York City», som nådde 15. plassen og «Dreamy Lady», som nådde topp 30.[1] Futuristic Dragon kom ut 30. januar 1976 og nådde 50. plassen på UK Albums Chart.[1] I USA kom ikkje Futuristic Dragon ut før i 1987.
Futuristic Dragon vart ommastra for CD av Edsel Records i 1994. Det kom då med fleire bonusspor, som b-sider. Ei tilhøyrande plate, kalla Dazzling Raiment (The Alternate Futuristic Dragon), kom ut i 1997 med alternative versjonar, uferdige studiomiksar og soloinnspelingar. Desse to kom ut i lag i 2002.
Remove ads
Mottaking
Seinare meldingar har vore positive. PopMatters skreiv: «Albumet trassar forventningane, og er overraskande konsistent med fleire songar som samanfell med den gryande discoretninga, utan at det heilt tek del i denne», og la til at plata var «full av svulstig orkestrering og soul-aktig korvokal».[4] Pitchfork skreiv «Futuristic Dragon har nok vinnande augneblink til å vere ein opptur [...] albumet vinn sympatien din: Det er godt nok til å la deg ønskje at det var betre.»[3] Alexis Petridis roste albumet i The Guardian, og sa: «det var fullt av fantastiske songar - den nydelege Dawn Stormvar utan tvil det beste forsøket hans på å blande stilen hans med soul - og hadde det vore ein oppfølgjar til Tanx, kunne det ha stoppa det kommersielle fallet hans».[5]
Innhald
Alle spor skrivne av Marc Bolan
Remove ads
Medverkande
- Marc Bolan – vokal, gitar, moog
- Gloria Jones – korvokal, clavinet
- Steve Currie – bassgitar
- Davy Lutton – trommer
- Dino Dines – klaverinstrument
- Jimmie Haskell – strykarar
- Teknisk
- George Underwood – plateomslag
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads