Gloria Jones
amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gloria Richetta Jones (fødd 19. oktober 1945) er ein amerikansk songar og låtskrivar frå Los Angeles i California. Ho spelte i 1964 inn soul-songen «Tainted Love», som seinare vart ein hitt for det britiske synth-pop-bandet Soft Cell. Ho var kjæraste med glamrock-artisten Marc Bolan frå bandet T. Rex fram til han døydde i 1977.
14 år gammal starta ho i lag med Frankie Kahrl og Billy Preston ei suksessfull gospelgruppe kalla Cogic Singers, som gav ut albumet It's A Blessing. I 1964 vart ho oppdaga av låtskrivaren Ed Cobb. Cobb skreiv låtar for ho som ho spelte inn. Ho turnerte USA og song på fleire fjernsynsprogram i USA. Ho spelte inn singelen «Heartbeat Pts 1 & 2», som Cobb skreiv og produserte for ho. Songen er seinare spelt inn av Dusty Springfield, Spencer Davis og fleire andre. Jones spelte òg inn eit album for Uptown kalla Come Go With Me som kom ut i 1966.
Jones studerte piano og tok eksamen i verka til Johann Sebastian Bach.[1] I 1968 vart ho med i rollebesetninga til Catch My Soul, ein rock- og soulversjon av skodespelar Othello, med mellom andre Jerry Lee Lewis, The Blossoms og Dr. John. sommaren 1968 spelte ho i skodespelet Revolution, på Mark Taper Forum i Los Angeles. Vinteren vart ho med i Los Angeles-utgåva av Hair. Etter kvart møtte ho Pam Sawyer, som bad ho skrive songar for Motown Records. Jones og Sawyer var ikkje av dei fremste låtskrivarane i Motown, men fekk likevel skrive songar for artistar som Gladys Knight & the Pips, Commodores, The Four Tops og The Jackson 5. Sidan Jones opphavleg var ein songar for selskapet, kravde reglane at ho måtte nytta eit psevdonym, så dei tidlegaste songane hennar er tilskriven namnet LaVerne Ware.
Jones møtte først Marc Bolan frå T. Rex i 1969 då ho spelte i Hair. Bolan og Jones møttest seinare i London. I 1973 vart ho anbefalt som korvokalist i T. Rex. Kort tid etter vart dei to kjærastar. I lag fekk dei sonen Rolan Bolan. Ho song korvokal og spelte clavinet med T. Rex frå 1973 til 1977, då Bolan døydde. Jones gav ut albumet Vixen i 1976 med fleire songar av Bolan. Han var òg produsent. Jones køyrde bilen som kræsja då Bolan mista livet den 16. september 1977. Sjølv vart ho alvorleg skadd. Sidan ho ikkje var gift med Bolan hadde ho ikkje krav på eigedomane hans. Jones og sonen flytte derfor attende til Los Angeles. I 1978 gav ho ut albumet Windstorm, som var tileigna minnet til Bolan. Singelen hennar «Bring On The Love» vart ein suksess på R&B-lista i USA. Jones gav ut albumet Reunited i 1981, produsert av Eb Cobb. Ho samarbeidde igjen med Billy Preston og andre Cogic Singers for albumet The Cogic's i 1984. Ho har sidan arbeidd med filmmusikk.
Remove ads
Diskografi
Solo
- 1966 - Come Go With Me
- 1973 - Share My Love
- 1976 - Vixen (Ikkje gjeven ut i USA)
- 1978 - Windstorm
- 1982 - Reunited
Med T. Rex
- 1974 - Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow
- 1974 - Light of Love
- 1975 - Bolan's Zip Gun
- 1976 - Futuristic Dragon
- 1977 - Dandy in the Underworld
Med The COGIC'S
- 1966 - It's A Blessing
- 1984 - The COGIC'S
Korvokal
- 1968 med Neil Young på Neil Young
- 1969 med The Brothers And Sisters Of Los Angeles på Dylan's Gospel
- Gloria syng solo på «I Shall Be Released», «Chimes of Freedom» og «I'll Be Your Baby Tonight»
- 1970 med Ry Cooder på Ry Cooder
- 1971 med Jesse Davis på Jesse Davis
- 1971 med Ry Cooder på Into The Purple Valley
- 1971 med REO Speedwagon på REO Speedwagon
- 1972 med Buffy Saint Marie på Moonshot
- 1972 med Elvin Bishop på Rock My Soul
- 1973 med Judee Sill på Heart Food
- 1973 med Little Feat på Dixie Chicken
- 1974 med The Commodores på Machine Gun
- 1975 med Michael Messeer på The Original Soundtrack Of Mahogany
- 1975 med Harry Nilsson på Duit på Mon Dei
- 1978 med Steve Harley på Hobo med a Grin
- 1979 med Billy Preston på Late at Night og A Whole New Thing
Låtskrivar/produksjon
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads