Geir Holte

norsk langrennsløpar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Geir Holte (fødd 3. oktober 1959) er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Hokksund i Buskerud. Hans beste renn i verdscupen i langrenn i Kavgolovo i januar 1988 enda med ein fjerdeplass på 30 km. Han fekk sjeldan sjansen til å representere Noreg under dei store internasjonale meisterskapane. Beste resultat var ein 18. plass på tremila under Ski-VM 1985 i Seefeld. I noregsmeisterskap vann han tre sølvmedaljar, 1984, 1986 og 1989, to av dei på femmila og ei på tremila. Holte vann 50-kilometeren i Holmenkollen i 1985, ei tevling som ikkje talde med i verdscupen, såleis mangla mange av dei fremste langrennsløparane på startstreken. Han var då den første i verda som gjekk ei femmil utan festesmurning. Tor Håkon Holte er ein eldre bror.

Kjappe fakta
Remove ads

Plasseringar

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

  • 1983: Nr 8 på 50 km i Oslo
  • 1984: Nr 6 på 30 km i Falun
  • 1985: Nr 5 på 30 km i Falun
  • 1985/86: Nr 13 på 30 km både i Bibawik og La Bresse
  • 1987: Nr 15 på 50 km i Holmenkollen
  • 1988: Nr 4 på 30 km i Kavgolovo

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Han vart noregsmeister i stafett (3 x 10 km) tre år på rad for Hokksund Idrettslag, 1984 med broren Tor Håkon Holte og Oddvin Bakkene, 1985 med Tor Håkon Holte og Arild Monsen og 1986 med Tor Håkon Holte og Oddvin Bakkene.

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Geir Holte i fis-ski.com

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads