Getting to the Point
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Getting to the Point» er ein song av rockegruppa Electric Light Orchestra (ELO) frå albumet Balance of Power i 1986. Han vart gjeven ut i Storbritannia som den siste singelen frå albumet i juli 1986, og vart den siste originale utgjevinga til bandet på kring 15 år.
Remove ads
Oversyn
På grunn av streik i distribusjonsavdelinga til Epic då albumet skulle ut, gjorde ikkje singelen særleg innverknad på singellistene. Den høgaste plasseringa var ein 95. plass i Storbritannia.
B-sida til singelen var ein annan song frå Balance of Power, «Secret Lives». Det vart òg gjeve ut ein 12" vinyl-versjon med «ELO Megamix» på B-sida. Miksen inneheldt songar frå A New World Record, Out of the Blue, Discovery, Time og Balance of Power. Han vart miksa av Paul Dakeyne for DMC, men lydkvaliteten var ganske dårleg.
Songen vart sidan spelt inn av Mark Bram, frå bandet Ruby Topaz, på Ruby Topaz-albumet Rarities.
Remove ads
Innhald
Alle songane skrivne av Jeff Lynne.
- 7"
- «Getting to the Point» – 4:28
- «Secret Lives» – 3:26
- 12"
- «Getting to the Point» – 4:28
- «ELO Megamix» («Don't Bring Me Down»/«Sweet Talkin' Woman»/«Livin' Thing»/"Calling America"/"So Serious"/«Shine a Little Love»/«Twilight»/«Turn to Stone»/«Hold on Tight»)– 9:57
- «Secret Lives» – 3:26
Lister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads