Gotiske runeinnskrifter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gotiske runeinnskrifter er runeinnskrifter skrivne på gotisk ved hjelp av den eldre futharken. Veldig få av desse er blitt funne i områda der goterar heldt til. Dette er truleg på grunn av at gotarane blei kristna tidleg, og tok i bruk det gotiske alfabetet på midten av 300-talet e.Kr.

Det finst rundt eit dusin moglege goteiske runeinnskrifter, men berre tre av dei er allment akseptert som slike: Pietroassaringen, ein del av ein større gullskatt som blei funnen i dei rumenske Karpatane og som ber ein votivinnskrift, og to spydspissar som ber innskrifter som truleg er namnet på våpena. Ein spydspiss blei funnen i Ukraina, og den andre i austlege Tyskland, nær Oder.
Remove ads
Pietroassaringen
Ein halsring av gull blei funnen i 1837 i Pietroassa (Pietroasa, nordvest i Romania, meir enn 50 kilometer sør for Satu Mare), og er datert til kring 400 e.Kr. Halsringen har ei runeinnskrift som består av 15 runer. Ringen blei stolen i 1875, og blei delt i to av ein gullsmed frå Bucuresti. Ringen blei funnen att, men den sjuande runa blei uleseleg:
- gutani [?] wi hailag (ᚷᚢᛏᚨᚾᛁ [?] ᚹᛁ ᚺᚨᛁᛚᚨᚷ).
Avbildingar av ringen frå før 1875 viser at den øydelagde runa skal lesast gutaniowi hailag (ᚷᚢᛏᚨᚾᛁᛟᚹᛁ ᚺᚨᛁᛚᚨᚷ), tolka som gutanio wi hailag, ‘heilag for dei gotiske kvinnene’, gutan-iowi hailag, ‘heilag for gotarane sin Jupiter’, eller gutani o[thala] hailag ‘heilag gotisk arv’.
Om den 7. runa verkeleg er o (ᛟ) er ikkje heilt sikkert, men eit fotografi teke for Arundel Society i London like tid før ringen blei stolen viser tydeleg at den øydelagde runa kan lesast slik. Men korleis gutanio skal tolkast er framleis omdiskutert.
Remove ads
Spydspissen frå Kovel

Spyd- eller lansespissen frå Kovel blei funnen i 1858 i Suszyczno, 30 km frå Kovel i Ukraina, og er datert til tidleg 200-tal.
Spydspissen måler 15,5 cm med ei maksimal breidd på 3,0 cm. Begge sidene har innlegg av sylv. Innskrifta går tydeleg frå høgre til venstre og blir lese som «tilarids», tolka som ‘åtakaren/den som fer mot målet’. Runene for t og d ligg nærare forma for latinske bokstavar enn den eldre futharken, (TᛁᛚᚨᚱᛁDᛊ) (eller TIᛚᚨRIDS fordi i, r og s liknar både futhark-runer og latinske bokstavar).
Spydspissen blei vist fram i Berlin i 1880, og i Warszawa i 1884. Han blei stolen av nazistiske arkeologar i 1939 og forsvann ved slutten av andre verdskrigen.
Remove ads
Spydspissen frå Dahmsdorf-Müncheberg

Spyd- eller lansespissen frå Dahmsdorf-Müncheberg blei funne i Dahmsdorf-Müncheberg mellom Berlin og Oder i Brandenburg. Innskrifta lyder ranja (ᚱᚨᚾᛃᚨ), som blir lese som Rannja og tolka som ‘gjennomboraren’.
Spinnehjulet frå Letcani
Spinnehjulet blei funne i Letcani i Romania og er datert til det tredje hundreåret e.Kr. Innskrifta er:
- adonsufhe :rango: (ᚨᛞᛟᚾᛊᚢᚠᚺᛖ ᛬ᚱᚨᚾᚷᛟ᛬)
Ho er blitt forsøkt tolka av fleire runologar.
Strasser (1981) les Idōns uft hēr Rangnō: ‘Idō sin tråd [må rullast opp] her - [dette ønsker] Rangnō’. [1]
Seebold (1994) les Iđōn sufnuē raþō, omsett til ‘Må [hjulet] røra seg raskt for Iđō’.[2]
Looijenga (2003) gjev fleire moglege lesingar: ra(ng)ō (A)dōns uf (he)[r], som ho omset til ‘Adō sin ring (=spinnehjulet) [er] her nede’, rā(w)o (A)dōns suf(he): ‘for Adō sin kvilestad - må (ho) sova,’ a(w)ō (A)dōns uf (he)r: ‘Adō si bestemor er her nede.’[3]
Mees (2003) har lesinga Ra(þ)ō Adōns uf (hlǣ), som han omset til ‘Raþō (= den lette, kvikke, livlege), Adō si [dotter], under gravplassen’.[4]
Remove ads
Sylvspenna frå Szabadbattyán
Sylvspenna blei funnen i Szabadbattyán i Ungarn, og er datert til tidleg 400-tal e.Kr.
- mar(0-1?)ŋ | s(1-2?) |
Krause og Agrell (1934, 1938) les Mār[i]ng s[egun] (d)[eda], som blir tolka som ‘Māring signar’.[5][6]
Ottar Grønvik (1985) les Mārings (1Z): ‘av Māring’.[7]
Looijenga (2003) les Mar[i]ngs (1Z) : ‘Mæringar’.[8]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads