Hammer to Fall
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Hammer to Fall» er ein song frå 1984 av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av gitaristen Brian May og er den åttande songen på albumet The Works.[1]
Han var den fjerde og siste singelen frå albumet. Singelversjonen vart korta ned 30 sekund frå versjonen på albumet. Songen minnar om tidlege Queen-songar og vart bygd kring eit hardt og muskuløst riff. Freddie Mercury syng solovokal på songen.
«Hammer to Fall» var ein konsertfavoritt og var den tredje songen som vart framført på Live Aid i 1985.[2][3][4] Songen vart på setlista på både The Works-turneen og The Magic-turneen.[5][6] Albumversjonen finst på Queen Rocks, medan singelversjonen finst på Greatest Hits II og Classic Queen.[1]
Remove ads
Tolking
Teksten har fleire referansar til den kalde krigen og mange har meint at songen handlar om atomkrig. Omgrepet «waiting for the hammer to fall» i songen er teken som ein referanse på at ein venta at den kalde krigen kunne bli «varm», eller som ein referanse til det sovjetiske hammar og sigd-symbolet. May skreiv på heimesida si at «Hammer to Fall i røynda handla om liv og død og vere klår over at døden er ein del av livet, og at hammaren er eit symbol på døden.[7]
Remove ads
Musikkvideo
Musikkvideoen var regissert av David Mallet med bilete av ein konsertversjon av songen i Brussel under The Works-turneen.[8]
Konsertopptak
Songen var ein populær konsertsong og var den tredje songen dei spelte på Live Aid, etter «Bohemian Rhapsody» og «Radio Ga Ga».[3] Under konsertversjonane spelte ofte turneklaverspelaren deira Spike Edney rytmegitar. «Hammer to Fall» vart framført på både The Works-turneen og The Magic-turneen.[5][6]
Under Freddie Mercury Tribute Concert i 1992 framførte Extreme-songaren Gary Cherone songen i lag med Queen og Tony Iommi frå Black Sabbath.[9]
Ein annan versjon av songen vart framført som ein ballade av Queen + Paul Rodgers i 2005. Songen nådde tredjeplassen på singellista i Sør-Amerika og 13. plassen i Storbritannia.[10] Songen vart nytta i filmen Highlander.
I andre media
- Songen er omtalt i science fiction-boka The Tommyknockers av Stephen King frå 1987.[11]
Lister
- Australia (Kent Music Report) – 55
- Polen – 24
- Sør-Afrika – 3
- Storbritannia (UK Singles Chart) – 13
Medverkande
- Freddie Mercury – solo- og korvokal
- Brian May – elektrisk gitar, korvokal
- Roger Taylor – trommer, korvokal
- John Deacon – bassgitar
- Fred Mandel – synthesizer
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads