Classic Queen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Classic Queen er eit samlealbum frå 1992 med songar av det engelske rockebandet Queen. Det vart gjeve ut for å utnytte Queen-feberen som brått hadde oppstått i USA etter at filmen Wayne's World kom ut.[2] Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard 200, og har selt til 3x platinaplate i USA og 5x platina i Canada.[3][4]
Sjølv om det vart kritikarrost som ei glimrande samling, passa det ikkje inn med dei tidlegare Queen-samlingane. Det overlappa både Greatest Hits frå 1981 og Greatest Hits II frå 1991, og inneheld nokre spor som ein ikkje finn på nokre av desse. Hollywood Records gav derfor ut Greatest Hits på ny i USA, med to spor som ikkje var på den originale 1981-utgåva.
Det samla salet for Greatest Hits II og Classic Queen har vore i overkant av 23 millionar verda over.[5]
Kring 1992 gav Hollywood Records ut Greatest Hits på ny for at denne skulle følgje Classic Queen. Dei to samlingane hadde nesten likt plateomslag, der Greatest Hits har ein raud bakgrunn, og Classic Queen ein kongeblå. Sidan dei to albuma vart gjevne ut i lag, manglar Classic Queen mange av dei store hittane til Queen, som «Another One Bites the Dust», «We Will Rock You», «We Are the Champions», «Somebody to Love» og «Don't Stop Me Now», sidan desse finst på Greatest Hits.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads