Radio Ga Ga

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Radio Ga Ga» er ein song frå 1984 framført av det britiske rockebandet Queen, skriven av trommeslagaren Roger Taylor. Han vart gjeven ut som singel med «I Go Crazy» av Brian May som den originale B-sida (3:42) og på albumet The Works. Songen er òg med på samlealbuma Greatest Hits II og Classic Queen.[3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Singelen vart ein verdsomfattande suksess for bandet, og nådde toppen av singellistene i 19 land. På UK Singles Chart i Storbritannia nådde han andreplassen, og på Billboard Hot 100 i USA nådde han 16. plassen.[4][5] Bandet spelte songen på alle konsertane sine etter 1984 fram til den siste konserten med Freddie Mercury i 1986, mellom anna på Live Aid i 1985.[6][7][8][9]

Remove ads

Tyding

Songen vart spelt inn i 1983 og gjeven ut i januar 1984. Han kommenterte korleis fjernsyn vart meir populært enn radio og korleis ein kunne lytte til radio i tidlegare tider for ein favorittkomedie, drama eller vitskapleg program. Han omhandla òg det nye musikkvideoformatet og MTV, som no konkurrerte med radio som eit viktig medium for å marknadsføre plater. Ironisk nok hadde Queen gjort mykje for å popularisere musikkvideoen med «Bohemian Rhapsody» i 1975 og videoen til «Radio Ga Ga» vart fast på MTV i 1984. Han vart nominert til MTV Video Music Award det året.[10] Roger Taylor sa:

« Det er faktisk dels det songen handlar om. Det at musikkvideoane verkar å ta over for den lydmessige sida. Den visuelle sida verkar å vere nesten viktigare.[11]  »

Taylor skreiv opphavleg songen som «Radio caca» (frå noko barnet hans sa),[12] og fungerte både som ein kritikk av radio fordi dei spelte mindre variert musikk og hadde mindre varierte program enn før.[4] På ein av dei originale kassetane med «Radio Ga Ga» stod han oppført som «Radio Ca Ca».[13]

Songen referer til to viktige radiohendingar på 1900-talet. Orson Welles-sendinga i 1938 av H.G. Wells sin The War of the Worlds med teksten «through wars of worlds/invaded by Mars» og talen til Winston Churchill frå 18. juni 1940, «This was their finest hour», frå House of Commons, med teksten «You've yet to have your finest hour».[14]

Remove ads

Utvikling

Inspirasjonen for songen kom då Roger Taylor høyrte den tre år gamle sonen sei «radio ca-ca» medan han lytta til ein dårleg song på radio under eit opphald i Los Angeles. Taylor byrja så å skrive songen, og låste seg inne på eit rom med ein Roland Jupiter-8 og ein trommemaskin. Han tykte songen ville passe på soloalbumet hans, men då bandet høyrte songen, skreiv John Deacon ei basslinje og Freddie Mercury rekonstruerte songen, og meinte at han ville bli ein stor hit. Taylor drog så på skiferie og let Mercury polere teksten, harmonivokalen og arrangementet til songen. Innspelinga byrja i Record Plant Studios i lag med den kanadiske studiomusikaren [Fred Mandel]] på klaverinstrument, som seinare arbeidde med Supertramp og Elton John. Mandel programmerte synth-bass-partiet i songen. På innspelinga vert det nytta ein Roland VP330+ vocoder. Basslinja vart produsert av ein Roland Jupiter-8, ved hjelp av ein innebygd arpeggiator.[15]

Remove ads

Video

David Mallet regisserte musikkvideoen til songen med scenar frå den tyske ekspresjonistiske science fiction-filmen Metropolis av Fritz Lang frå 1927 [16] og ovart filma i Carlton TV Studios og Shepperton Studios i London i november 1983. I videoen kan ein sjå bandet sitje i ein bil som flyg over byen i filmen og seinare framfører songen føre arbeidarklassen i byen. Freddie Mercury sin solosong «Love Kills» vart nytta i Giorgio Moroder sin restaurerte versjon av filmen, og i byte fekk Queen løyve til å bruke klipp av filmen i videoen til «Radio Ga Ga». Queen måtte likevel kjøpe rettane til å bruke klipp frå filmen frå den kommunistiske austtyske regjeringa, som hadde opphavsretten til filmen på den tida.[17] I slutten av musikkvideoen kan ein sjå teksten «Thanks To Metropolis».

Videoen inneheld òg klipp av tidlegare Queen-videoar som «Bohemian Rhapsody», «We Are the Champions», «Don't Stop Me Now» og «Flash» i eit fotoalbum.[16]

Konsertversjonar

Queen avslutta setta sine før ekstranummera på The Works-turneen med «Radio Ga Ga». Konsertversjonar frå 1984-1985-turneen vart spelte inn og filma på konsertfilmane Rock in Rio 1985 og Final Live in Japan 1985.[18]

«Eg hugsa eg tenkte 'åh flott, dei har fått det med seg'
og så tenkte eg at 'dette er ikkje eit Queen-publikum'.
Det er eit generelt publikum som har kjøpt bilettar
før dei visste at me skulle spele. Og dei var med alle saman.
Korleis visste dei det? Ingen sa til dei kva dei skulle gjere.»

Brian May om publikum som deltok i klappinga
til «Radio Ga Ga» under Live Aid.[19]

Queen spelte ein kortare, livleg versjon av «Radio Ga Ga» under Live Aid i juli 1985 på Wembley Stadium, der Queen «stal showet» føre eit folkehav på 72 000 menneske som alle var med å klappe på songen.[6][20] Det var den andre songen bandet spelte på Live Aid etter opninga med «Bohemian Rhapsody».[7][21] «Radio Ga Ga» vart ein konsertfavoritt, mellom anna på grunn av det store potensialet for å få publikum med seg i klappinga under refrenget (som i musikkvideoen).

Songen vart spelt på Magic-turneen eit år seinare, mellom anna to gonger til på Wembley Stadium. Han vart spele inn for konsertalbumet Live at Wembley '86 frå den andre konserten på Wembley.[9]

Paul Young framførte songen med Queen på the Freddie Mercury Tribute Concert, igjen på Wembley Stadium den 20. april 1992.[22]

Under «Party at the Palace», ein konsert som feira gulljubileet dronning Elizabeth II i 2002, opna «Radio Ga Ga» settet til Queen med Roger Taylor på vokal og Phil Collins på trommer.[23]

Songen vart framført på Queen + Paul Rodgers Tour i 2005–2006 og sungen av Roger Taylor og Paul Rodgers. Eit konsertopptak frå Hallam FM Arena i Sheffield den 5. mai 2005, vart gjeven ut på Return of the Champions i 2005.

Songen vart òg spelt på Rock the Cosmos-turneen seint i 2008, denne gongen med berre Rodgers på solovokal. Konsertalbumet Live in Ukraine kom ut etter denne turneen, men utan «Radio Ga Ga». Denne framføringa av «Radio Ga Ga» finst berre som digital nedlasting frå iTunes. Songen vart igjen spelt på Queen + Adam Lambert-turneen med Adam Lambert på solovokal.

Remove ads

Medverkande

Lister

Meir informasjon Liste (1984), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • Musikalartisten Elaine Paige spelte inn songen for albumet hennar med Queen-songar, The Queen Album i 1988.[57]
  • Roger Taylor framførte songen med Spike Edney's SAS Band.
  • Ein kraftig modifisert versjon av songen er første nummer i We Will Rock You, ein musikal av Queen-songar.
  • Songen vart framført i 2004 av Electric Six.
  • Sophie Ellis-Bextor gav ut eit konsertopptak av songen på singelen Al Murray's Happy HourITV.
  • Hong Kong-bandet Tai Chi gav ut ein kantonesisk versjon av songen kalla «我的愛人» i 1989.
Remove ads

Innverknad

Den amerikanske popsongaren Lady Gaga har teke scenenamnet sitt etter denne songen.[58][59] Ho sa: «Eg beundra Freddie Mercury og Queen hadde ein hit kalla 'Radio Gaga'. Det er derfor eg elskar det namnet.»[60]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads