Harlem Shuffle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Harlem Shuffle» er ein R&B-song som opphavleg vart skriven og spelt inn av duoen Bob & Earl i 1963, og som seinare vart spelt av Booker T and the MG's, Vigon (1967), Johnny og Edgar Winter (1976) og The Rolling Stones i 1986. House of Pain sampla seinare blåsarane i introen på singelen deira «Jump Around».

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bob & Earl

Den opphavlege singelen vart arrangert i lag med Barry White og Gene Page og nådde 44. plass på Billboard Hot 100. I 1969 nådde singelen Topp 40 i Storbritannia.[2]

I 2003 vart songen rangert på 23. plass av musikkritikarane i The Daily Telegraph på lista deira over dei 50 beste duettane nokon gong.[3]

Salslister

Meir informasjon Liste (1964), Plassering ...
Remove ads

The Rolling Stones

Meir informasjon Låtskrivar(ar), The Rolling Stones-kronologi ...

The Rolling Stones si utgåve, med Bobby Womack på korvokal, kom ut på albumet Dirty Work og nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og 13. plass i Storbritannia. Keith Richards hadde sett etter songar han kunne ha med på albumet og arbeidde i lag med Ronnie Wood og Womack, medan dei venta på at Jagger skulle kome tilbake til studioet i Paris etter ein soloturne. Richards vart overraska over at Jagger likte songen, og spelte inn vokalen like etter. Det vart den første coversongen the Stones gav ut på singel frå eit nytt studioalbum sidan 1964. Songen opnar med:

« You move it to the left og you go for yourself You move it to the right yeah if it takes all night now take it kinda slow with a whole lot of soul. »

The Rolling Stones spelte inn ein musikkvideo til songen, som kombinerte levande bilete og animasjon.

Salslister

Meir informasjon Liste (1986), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads