Dirty Work
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dirty Work er det 18. studioalbumet til The Rolling Stones (eller 20. amerikanske album). Det kom ut 24. mars 1986 på Rolling Stones Records. Det vart produsert av Steve Lillywhite og vart innspelt i ein periode der forholdet mellom Mick Jagger og Keith Richards var dårleg. Albumet vert ofte trekt fram som det verste albumet dei laga.[6]
Albumet inneheldt ein hit, «Harlem Shuffle», og hadde med fleire gjesteartistar som Tom Waits, Jimmy Page, Patti Scialfa og Bobby Womack.
Remove ads
Innspeling
Innspelinga starta i april 1985 i Paris og pågjekk i to månader, før dei tok ein kort pause.[7] Mick Jagger hadde nettopp gjeve ut det første soloalbumet sitt, She's the Boss, til Richards sin store irritasjon, som meinte at Jagger ikkje la nok innsats inn i bandet, men fokuserte meir på solokarrieren. Jagger var ofte borte frå innspelinga, medan Richards i lag med Ronnie Wood, Bill Wyman og Charlie Watts gjorde grovarbeidet. Vokalen til Jagger vart lagt på seinare. Skiljet mellom Jagger og Richards vart tydeleg 13. juli 1985 då Jagger spelte solo på Live Aid, medan Richards og Wood spelte akustisk gitar for Bob Dylan på same konsert.
Charlie Watts medverka heller ikkje stort. I 1993 fortalte han Ed Bradley på 60 Minutes at han i 1980-åra var avhengig av heroin og alkohol og at dette medførte at han vart erstatta av andre trommeslagarar på både Undercover og Dirty Work. Steve Jordan og Anton Fig speler begge trommer på nokre av songane, medan Ronnie Wood spelar trommer på «Sleep Tonight».
Fire av dei åtte originale songane på albumet er tilskriven Jagger/Richards/Wood og ein til Jagger/Richards/Chuck Leavell. Berre tre er tilskriven Jagger/Richards, det lågaste talet sidan Out of Our Heads (1965). Dirty Work er det første Rolling Stones-albumet der Richards syng solovokal på meir enn ein song («Too Rude» og «Sleep Tonight»).
12. desember 1985 døydde brått Ian Stewart, eit av medlemmene som grunnla the Rolling Stones og som hadde spelt piano og vore turnemanageren deira sidan den gong. Han vart 47 år gammal. Til minne om venen deira la dei til eit skult spor på slutten av albumet der Stewart spelar Big Bill Broonzy sin «Key to the Highway».
I mars 1986 vart coverversjonen av «Harlem Shuffle» gjeven ut som singel, den første hovudsingelen deira frå eit studioalbum som ikkje var tilskriven Jagger/Richards sidan tidleg i 60-åra. Singelen fekk grei mottaking og nådde 13. plass i Storbritannia og 5. plass i USA. Oppfølgjaren var «One Hit (to the Body)», som nådde Topp 30.
Remove ads
Mottaking
Dirty Work vart gjeven ut ei veke etter «Harlem Shuffle», og nådde fjerdeplass i Storbritannia og USA, og tredjeplass i Noreg. Kritikarane var ikkje like entusiastiske. Enkelte meinte at Jagger hadde spart dei beste songane for soloalbumet sitt, og at songane på Dirty Work rett og slett ikkje var gode nok. Denne haldninga har ikkje endra seg særleg i nyare tid, noko som truleg kjem av mangelen på sterke songar og den plastiske 80-talsproduksjonen.[6][8][8]
Remove ads
Innhald
Medverkande
The Rolling Stones
- Mick Jagger – solo- og korvokal, munnspel
- Keith Richards – elektrisk og akustisk gitar, piano, korvokal; solovokal på «Too Rude» og «Sleep Tonight»
- Ronnie Wood – elektrisk, akustisk og pedalsteelgitar, tenorsaksofon, korvokal; trommer på «Sleep Tonight»
- Bill Wyman – bassgitar, synthesizer
- Charlie Watts – trommer
Andre medverkande
- Chuck Leavell – klaverinstrument[9]
- Ivan Neville – korvokal, bassgitar, orgel, synthesizer
- Jimmy Page – elektrisk gitar på «One Hit (To the Body)»
- Bobby Womack – korvokal, elektrisk gitar på «Back to Zero»
- Philippe Saisse – klaverinstrument
- Anton Fig – shakers
- John Regan – bassgitar på «Winning Ugly»
- Dan Collette – trompet
- Ian Stewart – piano
- Marku Ribas – perkusjon
- Jimmy Cliff, Don Covay, Beverly D'Angelo, Kirsty MacColl, Dolette McDonald, Janice Pendarvis, Patti Scialfa og Tom Waits – korvokal
Produksjon
- Lydteknikar: Dave Jerden, Steve Parker
- Assisterande lydteknikar – Tom Crich, Mike Krowiak
- Innspeling i Pathe Marconi Studios Paris
- Miksa i R.P.M. og Right Track Studios N.Y.C.
- Kunstnarisk leiar og design – Janet Perr
- Kunstnarisk leiar og fotografi – Annie Leibovitz
- Kunst inne i omslaget – Mark Marek
Remove ads
Salslister
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads