Hat Trick av America
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hat Trick er det tredje studioalbumet til den amerikanske folkrocktrioen America, utgitt på Warner Bros. Records i 1973.[2] Det nådde 28. plassen på Billboard-albumlista. Det selde ikkje til gullplate, medan dei to første utgivingane deira hadde selt til platinaplate. Albumet produserte singelen «Muskrat Love», som nådde 67. plassen på Billboard-lista og 11. plassen på Adult Contemporary-lista. Songen kom til å bli ein mykje større hit for Captain & Tennille tre år seinare.
America nytta strykearrangement for første gong på eit album, med assistanse frå Jim Ed Norman.[3]
Remove ads
Mottaking
I AllMusic-meldinga si skreiv Mike DeGagne at albumet vakla «hovudsakleg fordi songane mangla dei hjartelege folkrockmelodiane og den merksame låtskrivinga som rådde på dei tidlegare utgivingane. 'She's Gonna Let You Down' og 'Rainbow Song' er dei beste kutta på albumet, men banale tilbod som 'Green Monkey', 'Willow Tree Lullaby' og 'Molten Love' får Bunnell og Peek til å komma ut av kurs, og høyrast forelda og musikalsk svake ut.»[4] The Rough Guide to Rock kalla Hat Trick «eit av countryrockens store tapte album.»[8] The Rolling Stone Album Guide vurderte «Muskrat Love» som «eit tidleg lågmål i søtheit.»[7]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- America
- Gerry Beckley - gitar, klaverinstrument, solo- og korvokal
- Dewey Bunnell - gitar, solo- og korvokal
- Dan Peek - gitar, klaverinstrument, solo- og korvokal
med:
- David Dickey – bassgitar
- Hal Blaine – trommer, perkusjon (utanom «Muskrat Love»)
- Henry Diltz – banjo («Submarine Ladies»)
- Billy Hinsche – korvokal («Hat Trick»)
- Bruce Johnston – korvokal («Hat Trick»)
- Lee Keifer – munnspel («Submarine Ladies»)
- Robert Margouleff – synthesizer
- Chester McCracken – conga
- Jim Ed Norman – arrangement, piano («She's Gonna Let You Down»)
- Tom Scott – saksofon («Rainbow Song»)
- Joe Walsh – gitar («Green Monkey»)
- Carl Wilson – korvokal («Hat Trick»)
- Lorene Yarnell – taps («Hat Trick»)
Produksjon
- Gerry Beckley – produsent
- Dewey Bunnell – produsent
- Dan Peek – produsent
- Gary Burden – kunstnarisk leiar
- Henry Diltz – fotografi
- Lee Keifer – assisterande lydteknikar
- Mike D. Stone – lydteknikar på Record Plant
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads