Holiday av America
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Holiday er det fjerde studioalbumet til det amerikanske folkrockbandet America, utgjeve på Warner Bros. Records i juni 1974. Albumet vart produsert i London av den mangeårige Beatles-produsenten George Martin, det første av sju album på rad han produserte for America.
Albumet vart ein stor hit i USA, og nådde tredjeplassen på Billboard-lista og vart gullsertifisert av RIAA. Det produserte to hitsinglar: «Tin Man» nådde fjerdeplassen på Billboard-lista og gjekk til topps på adult contemporary-lista; og «Lonely People» som nådde femteplassen på Billboard-lista og som òg gjekk til topps på adult contemporary-lista. Fleire andre songar fekk radiospeling på FM-stasjonar som spelte albumspor, inkludert «Baby It's Up To You» og «Another Try».
Albumet vart òg gitt ut på kvadrofonisk lydband for 4-kanalsentusiastar.
Remove ads
Historie
Bandmedlem Dewey Bunnell var begeistra over høvet til å jobba med Martin som produsent. Han vart sitert på at det «var flott å jobba med George. Det var som om me kjende kvarandre. Me var kjende med Beatles, sjølvsagt, og me hadde den britiske sansen for humor.»[1] I eit eige intervju hugsa Dan Peek til magasinet Circus: «Gerry (Beckley) hadde vore i England, og me hadde snakka om å bruka George Martin som produsent. Han er ein fantastisk arrangør, når eg tenkjer på alt han har gjort. Det var fleire andre folk me ønskte å bruka, men den ideen dukka opp og George var tilgjengeleg.»[2]
Det var innspelingsdebuten til den mangeårige trommeslagaren til America, Willie Leacox, som sit i bilen på biletet på plateomslaget.
Remove ads
Mottaking
I Allmusic-melding si noterte musikkritikaren Mike DeGagne effekten av produksjonen til George Martin på albumet så vel som tilbakekomsten frå fiaskoen med Hat Trick, og skreiv «dette albumet slo samla sett fast at gruppa definitivt viste det sanne potensialet sitt igjen.»[3]
Innhald
Medverkande
- America
- Dewey Bunnell - vokal, gitar
- Gerry Beckley - vokal, gitar, klaverinstrument, bass
- Dan Peek - vokal, bass, gitar, klaverinstrument
med:
- Willie Leacox - trommer, perkusjon
- Teknisk
- George Martin - produsent, arrangør, klaverinstrument
- Geoff Emerick - lydteknikar
- Peter Henderson - lydbandoperatør
- Gary Burden - kunstnarisk leiar
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads