Hollow av Dons
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Hollow» (norsk omsetjing ‘hol’) er ein song med den latviske artisten Dons og blei gjeven ut 2. januar 2024. Songen vann den latviske songtevlinga Supernova og var det latviske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[1]
Remove ads
Om songen
«Hollow» er skriven og komponert av Artūrs Šingirejs, Kate Northrop og Liam Geddes, og blei gjeven ut 2. januar 2024.[2][3] I eit intervju med Wiwibloggs sa Šingirejs at songen utforskar korleis eins «usikkerheit kan halde oss som gislar», medan andre prøver å diktere korleis ein person skal leve. Šingirejs samanliknar kulminasjonen av press som «ein stor vektball» på nokon, med den einaste situasjonen for å fjerne vekta er å finne håp.[4]
Supernova 2024
«Hollow» var eit av bidraga i den latviske songtevlinga Supernova 2024, i regi av den latviske kringkastaren Latvijas Televīzija (LTV).[5] Vinnaren fekk representere Latvia i Eurovision Song Contest. Songen vann finalen laurdag 11. februar 2023 og ble med det det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.[6]
Eurovision Song Contest
Latvia deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024.[7] Der enda «Hollow» på sjuandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[8][9] Dette var fyrste gongen sidan 2016 at Latvia kvalifiserte seg til ein finale. I finalen enda «Hollow» på 16. plass med 64 poeng.[10][11]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads