Home av Procol Harum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Home er det fjerde albumet til Procol Harum og kom ut i 1970. Etter at bassisten David Knights gav seg i bandet, vart han erstatta av Chris Copping. Han hadde tidlegare spelt i The Paramounts i lag med Brooker, Wilson og Trower, som alt var i bandet. The Paramounts var dermed på dette albumet på sett og vis samla att, men med eit anna namn. Dei tok inn Copping for å gå attende til ein meir R'n'B-stil, slik The Paramounts hadde spelt.[4]

Meir informasjon Procol Harum-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dei første innspelingane vart gjort i London i Trident Studios i lag med den tidlegare organisten deira Matthew Fisher, som òg hadde produsert det førre albumet til bandet. Dei var ikkje nøgd med lyden og framføringane og skrinla desse innspelingane, og starta på ny med produsent Chris Thomas og lydteknikar Jeff Jarratt ved Abbey Road Studios. Då albumet var ferdig ønskte dei eit plateomslag som parodierte Stegespelet med medlemmar av bandet som brikker.

Då albumet kom ut i juni 1970 nådde det 34. plassen i USA og 49. plassen i Storbritannia. «Whiskey Train» vart gjeven ut som singel, skriven av gitarist Robin Trower med tekst av Keith Reid.[5]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Gary Brooker og Keith Reid, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Teknisk
  • Jeff Jarratt - lydteknikar
  • Helmut Hastenteufel - design

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads