Horizon av Carpenters
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Horizon er eit studioalbum av den amerikanske popduoen Carpenters. Det var det sjette albumet deira på rad som selde til platinaalbum i USA. Det vart spelt inn ved A&M Records og Carpenters brukte mange timar på å eksperimentere med nye lydar, teknikkar og effektar.[1]
Etter fem album på rad som nådde topp 5 i USA, nådde Horizon berre 13. plass. Albumet selde likevel til platina i USA for ein million eksemplar. Det vart ein stor suksess i Storbritannia og Japan, og toppa listen og vart eit av dei bestseljande albuma i 1975 i dei landa. Horizon nådde òg tredjeplassen i New Zealand, fjerdeplassen i Canada og femteplassen i Noreg.
Remove ads
Oversyn
Den første singelen på albumet, «Please Mr. Postman» (gjeve ut sju månader tidlegare), vart den største hitsingelen frå albumet og den største hitten til Carpenters på verdsbasis. Han nådde toppen av singellistene i USA, Australia, New Zealand, Canada og Sør-Afrika og andreplassen i Storbritannia og Irland.[2] På denne songen spelar Karen Carpenter trommer og Tony Peluso gitarsolo. Den neste singelen, «Only Yesterday», vart òg ein stor suksess og nådde andreplassen i Canada og Frankrike, fjerdeplassen i USA, femteplassen i Irland, sjuandeplassen i Storbritannia og tiandeplassen i New Zealand og selde til gullplate i Japan. Songen vann òg den gjeve Grand Prix-prisen i Japan.[3] Ein tredje singel, «Solitaire», nådde 15. plassen i USA og topp 40 i fleire andre land.
«Desperado» var opphavleg ein song av The Eagles frå 1973 frå albumet med same namn. Fleire andre har spelt inn denne songen, som Linda Ronstadt, Bonnie Raitt og Kenny Rogers. Sidan songen alt var velkjent, valde A&M å ikkje gje denne ut som singel. Ein annan song, «I Can Dream, Can't I», var ei tolking av hitten til Andrews Sisters frå 1949. Karen og Richard Carpenter hyrte inn Billy May, som hadde arbeidd med artistar som Frank Sinatra og Nat King Cole, til å orkestrere songen. Songen har med Billy May Orchestra. John Bahler syng i koret på denne songen.
Remove ads
Mottaking
Rolling Stone-skribenten Stephen Holden likte Horizon og kalla det «the Carpenters sitt mest sofistikerte album så langt.»[5] AllMusic gav albumet heller dårleg kritikk, men meinte produksjonen var god.
Innhald
Lister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads