Desperado av Eagles

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Desperado er det andre studioalbumet til det amerikanske bandet Eagles. Det vart spelt inn i Island Studios i London i Storbritannia og gjeve ut i 1973. Desperado er eit konseptalbum basert på tema frå Det ville vesten. Opphavleg arbeidde Don Henley, Glenn Frey, Jackson Browne, og J.D. Souther på ei rekkje songar om anti-heltar, men hadde ikkje fleire idear etter at dei hadde skrive «Doolin' Dalton» og «James Dean». Sistnemnde vart lagt på hylla og dei byrja i staden å skrive songar med temaet dei kom opp med i «Doolin' Dalton».[6]

Meir informasjon Eagles-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Bandmedlemmane er avbilda på plateomslaget kledd som ein lovlaus gjeng. Desperado er det einaste Eagles-albumet der medlemmane i bandet er på framsida.

Sjølv om tittelsporet er ein av signaturlåtane til Eagles, vart han aldri gjeven ut på singel. Songen «Desperado» vart rangert på 494. plassen på lista til Rolling Stone frå 2004 over dei 500 beste songane gjennom tidene, men var falle ut av denne lista på den oppdaterte lista som kom i 2010. Albumet inneheldt to andre singlar: «Tequila Sunrise» og «Outlaw Man». Desse to nådde høvesvis 64. plassen og 59. plassen på singellista i USA. Sjølve albumet nådde 41. plassen på albumlista i USA og selde to millionar eksemplar.

Desperado var det siste albumet til Asylum Records som vart distribuert i Nord-Amerika av Atlantic Records, før Asylum i midten av 1973 vart slått saman med Elektra Records.

Remove ads

Mottaking

AllMusic-skribenten William Ruhlmann hylla det at Henley var meir involvert på dette enn det førre albumet og skreiv at «det var både meir ambisiøst og seriøst enn føregangaren, men samstundes noko lettare og mindre konsistent.»[7]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Produksjon

Lister

Album
Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...
Singlar
  • «Tequila Sunrise»/«Twenty-One» - utgjeve 17. april 1973
  • «Outlaw Man»/«Certain Kind of Fool» - utgjeve 6. august 1973
Meir informasjon År, Single ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads