Kentucky Woman

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Kentucky Woman» er ein song frå 1967 skriven og spelt inn av Neil Diamond. Ein annan kjend versjon vart spelt inn av Deep Purple i 1968.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Diamond spelte inn «Kentucky Woman» som den siste singelen sin for Bang Records. Han kom ut i oktober 1967, og nådde 22. plass på Billboard Hot 100 i USA.[1] Songen nådde 58. plass på lista i Australia og sjetteplass i Canada.[2]


Remove ads

Salslister

Singelen kom ut i oktober 1967 og nådde 22. plassen på amerikanske Hot 100,[3] nummer 58 på den australske lista, og sjetteplassen på den kanadiske lista.[4]

Meir informasjon Liste (1967–68), Plassering ...

Deep Purple-versjonen

Meir informasjon B-side, Deep Purple-kronologi ...

Han vart spelt inn av Deep Purple med ei heilt anna instrumental kjensle, sjølv om vokallinja var forholdsvis lik. Songen vart gjeven ut som den andre singelen deira i 1968 og nådde 38. plass på Billboard Hot 100,[10] #21. plass i Canada og 27. plass i Australia, der han vart gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «Hush».

Singelversjonen er ei kortare utgåve av albumversjonen.

Deep Purple spelte «Kentucky Woman» på turneane sine i 1968 og 1969, sjølv etter at Ian Gillan vart med i bandet sommaren 1969. Han har ikkje vorte spelt på konsertane deira sidan.

Remove ads

Andre innspelingar

Waylon Jennings spelte òg inn ein versjon for albumet hans Only the Greatest i 1968.[11] Gary Puckett & the Union Gap spelte ein versjon av songen på det første albumet deira Woman Woman.[12]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads