Hvar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hvar
Remove ads

Hvar (italiensk Lesina) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Dalmatia i Kroatia og er ein del av Split-Dalmatia fylke. Lengda på øya frå aust til vest er om lag 80 km.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Fleire andre øyar ligg rundt Hvar, og sunda mellom desse øyane heiter Hvarsundet (mellom Hvar og Brač) (Hvarski kanal), Vissundet (Vis), Korčulasundet (Korčula), og Neretvasundet (Pelješac), medan austsida av øya berre ligg om lag tre nautiske mil frå fastlandet.

Dei største busetnadane på øya er hovudsete for kvar sin kommune:[1][2]

Thumb
Utsyn over byen Hvar frå Borga
  • Byen Hvar ligg i vest. Her vart det det første offentlege teateret i Europa opna i 1612.
  • Stari Grad ligg nord på øya. Dette var ein av dei første busetnadane på dei adriatiske øyane i antikken. Stari Grad har den største hamna på øya, og dei fleste vitjande kjem her via bilferje frå Split.
  • Jelsa ligg sentralt på nordsida på øya.
  • Sućuraj er ein naturskjønn liten landsby (meir enn 2 300 år gamal) på austsida av øya. Folk her lever stort sett av fiske og turisme. På grunn av svært mildt klima og vakre omgivnadar kjem det mange turistar til Sućuraj.

Like sør for øya ligg det fleire mindre øyar, mellom anna Paklenski otoci i vest og Šćedro i sør.

Dei fleste innbyggjarane på Hvar arbeider med fiske eller turisme. Hvar har eit mildt middelhavsklima, vakre strender og vegetasjon typisk for Middelhavet, og er ein av dei mest attraktive turistsentera i Europa. Øya reklamerer for seg sjølv som «den mest solrike staden i Europa» med 2 715 soltimar i snitt kvart år.

Byen Hvar er det største turistsenteret på øya, og her ligg ein stor offentleg plass som er open mot sjøen. I turistsesongen er hamna full av store yachtar. Nattklubbar trekkjer til seg mange ungdomar.

Ei anna stor næring på øya er dyrking av lavendel, som vert brukt i aromatiske oljer og såper. Hvar vert stundom kalla «Lavendeløya».

Hvar er òg eit av dei mest kjende vinområda i Kroatia. Vingardar på sørsida av øya er kjend for raudvinen laga av Plavac Mali-druene. Den sentrale sletta mellom Stari Grad og Jelsa er kjend for kvitvinen som vert dyrka her.

Remove ads

Historie

Thumb
Utsyn over Stari Grad
Thumb
Sørkysten av Hvar nær Sveta Nedjelja

På 300-talet fvt. vann Farosfolket over Jasadini-krigarane og deira allierte. Denne sigeren over dei mykje større styrkane er eviggjort som ein inskripsjon, ein av dei eldste kjende inskripsjonane i Kroatia.

Hvarkulturen varte frå 3500 til 2500 fvt. Venetianske sjømenn såg øya då dei segla mot Neretvasundet, og var truga av sjørøvarar frå øya. I 925 vart øya ein del av Kroatia under kong Tomislav.

Hvar er ein viktig del av kroatisk historie, og var eit av dei litterære sentera i Kroatia under renessansen, med forfattarar som Petar Hektorović og Hanibal Lucić. I Stari Grad kan ein sjå Petar Hektorovic sin festning/villa kalla Tvrdalj (Tøff stad), som var teikna av forfattaren sjølv.

Kyrkjer på øya inneheld mange viktige måleri og kunstverk av vidkjende venetianske kunstnarar, inkludert Tinoretto, Veronese, Bellini og andre.

Ivan Vučetić, personen som perfeksjonerte fingeravtrykk tidleg på 1900-talet, kom frå Hvar. Den mest vidkjende personen frå Hvar i dag er fotballspelaren Igor Tudor, som spelar på Juventus i Italia.

Remove ads

Folketal

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Meir informasjon Folketal 2001, Folketal 2011 ...

Dei største tettstadene på øya var:

Meir informasjon Kommune, Folketal 2001 ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads