I'm Crying
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I'm Crying» er ein song opphavleg framført av det britiske rockebandet The Animals, skriven av vokalisten Eric Burdon og organisten Alan Price i gruppa. Songen vart gjeven ut som singel i september 1964[1] og vart den andre store hitten deira etter «The House of the Rising Sun», som kom ut tidlegare på året. Singelen nådde Topp 20 i Canada, Storbritannia og USA.
Sjølv når singelen vart ein hit, var han likevel ikkje i nærleiken av så stor som «The House of the Rising Sun» var, så songar skrivne av bandet vart nytta som B-sider fram til bandet bytta produsent frå Mickie Most til Tom Wilson i 1966.
Remove ads
Andre versjonar
Fleire andre artistar har spelt inn sine versjonar av songen:
- Eric Burdon
- Iggy Pop
- Mondo Topless
- Paul Revere & the Raiders
- The Pretty Things
- The Secret Service
- SRC
- Tom Petty and the Heartbreakers
- Bobby Sherman
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads