ISelect
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
iSelect (eller iSelectBowie)[3] er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie som først kom ut 29. juni 2008 i Storbritannia og Irland. Albumet kom ut i USA på Astralwerks Records.
Remove ads
Plata er ei samling av dei personlege favorittar sett saman av Bowie sjølv[4] og gjeven bort som ei eksklusiv gratis gåve med utgåva av den britiske avisa The Mail on Sunday som kom 29. juni 2008.
Bowie unngjekk dei vanlege hittane hans og valde i staden stort sett favorittspora hans frå albuma, og hadde berre med tre singlar («Life on Mars?», «Loving the Alien» og «Time Will Crawl»). I tillegg var versjonen av «Time Will Crawl» på albumet ein remiks av lydteknikaren Mario J. McNulty,[5] med fleire nyinnspelte partar i eit forsøk på å forbetre songen som hadde vore på Never Let Me Down, eit album Bowie var misnøgd med.
Det er den einaste utgjevinga av songen «Some Are», som ikkje hadde vore tilgjengeleg sidan 1991-utgåva av Bowie-albumet Low frå 1977 vart sletta i midten av 1990-åra. Denne utgåva hadde med «Some Are» som eit bonusspor. Han inneheldt òg ein medley av «Sweet Thing», «Candidate» og reprisen av «Sweet Thing» som eit enkelt spor, i staden for tre ulike spor slik han var på CD-utgåver av Diamond Dogs.
Det inneheld òg ein teaser som kombinerte «Intro»-sporet og «Hang On to Yourself» frå Live Santa Monica '72, ei offisiell utgjeving av piratkopiplata Santa Monica '72.
Remove ads
Kommersiell utgjeving
Virgin/EMI gav ut plata i USA og Canada den 14. oktober 2008.[3][6] Han er identisk til utgåva som kom med The Mail on Sunday bortsett frå at han kom i eit vanleg CD-omslag og heftet inneheld kommentarar om kvar song slik det stod skrive i avisa. Han er òg kom ut digitalt.
Ei avgrensa utgåve kom ut på raud vinyl i mars 2015 for å feire opninga av utstillinga David Bowie Is i Philharmonie de Paris i Frankrike.
Remove ads
Innhald
Alle songane skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads