If I Were Sorry

From Wikipedia, the free encyclopedia

If I Were Sorry
Remove ads

«If I Were Sorry» (norsk 'om eg var lei for det') er ein svensk poplåt frå 2016 med den svenske artisten Frans Jeppsson Wall. Han skreiv låten saman med Fredrik Andersson, Michael Saxell og Oscar Fogelström, og songen vann svenske Melodifestivalen i 2016. «If I Were Sorry» var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest same år, på heimebane i Stockholm, der han enda på femteplass i finalen. «If I Were Sorry» fekk stor suksess i Sverige der han toppa singellista og seinare vart kåra til Årets låt under Grammisgalan 2017.[2][3]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

«If I Were Sorry» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2016 og er komponert av Fredrik Andersson, Michael Saxell og Oscar Fogelström saman med artisten Frans Jeppsson Wall. Dei tre fyrstnemnde dreiv eit studio i Ystad, og Wall var ofte i studioet deira. Til slutt fann dei fire ut at dei ville skrive ein låt, og bygde han opp bit for bit. Det endelege resultatet vart «If I Were Sorry», og plateselskapet overtydde dei om å sende inn låten til Melodifestivalen.[4]

«If I Were Sorry» vart teken inn til Melodifestivalen, og Frans Jeppsson Wall framførte songen under artistnamnet Frans. Ti år tidlegare hadde Frans vorten landskjend i Sverige då han song hyllestlåten «Who's Da Man» til ære for Zlatan Ibrahimović i forkant av Fotball-VM 2006.[5]

Melodifestivalen

Thumb
Frans Jeppsson Wall under ein pressekonferanse i samband med Eurovision Song Contest 2016.

«If I Were Sorry» deltok i den fjerde og siste delfinalen i Gävle 27. februar 2016, der han vann og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm laurdag 12. mars. I forkant av den svenske finalen var songen favoritt til å vinne, men han låg på andreplass etter at juryane hadde røysta – rett nokk berre eitt poeng bak Oskar Zia og songen «Human» som leia. Men «If I Were Sorry» vann telefonavrøystinga med 1 815 697 røyster, og songen vann dimed tevlinga.[6][7] Med sigeren vart «If I Were Sorry» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 på heimebane i Globen i Stockholm.

Eurovision Song Contest

Som vertsnasjon for Eurovision Song Contest 2016 var Sverige direktekvalifisert til finalen i Globen laurdag 14. mai 2016. I finalen var Sverige det niande landet ut på scenen av 26 deltakarar. Sverige var dette året også det einaste nordiske landet i finalen, etter at både Danmark, Finland, Island og Noreg vart slegne ut i semifinalene.[8]

I juryavrøystinga enda Sverige på ein niandeplass – blant anna utan poeng frå den norske juryen.[9][10] Men Sverige kom på sjetteplass i telefonavrøystinga og enda totalt på ein femteplass i tevlinga med 261 poeng. Dette var den tredje topp fem-plasseringa til Sverige i Eurovision Song Contest på rad.[11]

Remove ads

Utgjeving

«If I Were Sorry» vart gjeven ut via digital nedlasting 28. februar 2016 av plateselskapet Cardiac Records og distribuert av Sony Music.[12] Ein remiks-EP vart gjeven ut 22. april same år.[13]

Listeplasseringar

«I Were Sorry» fekk stor kommersiell suksess heime i Sverige og toppa både Sverigetopplistan og Svensktoppen i fleire veker.[2] Under Grammisgalan 2017 vart han også kåra til årets låt i Sverige.[3] Etter Eurovision Song Contest gjekk songen inn på ei rekkje europeiske hitlister.

Meir informasjon Liste (2016), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads