Ingvild
kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ingvild og Yngvild er kvinnenamn av norrønt opphav. Ingvild er den mest utbreidde forma. Andre stavemåtar er Ingvill/Yngvill og Ingvil/Yngvil. Ingvild og Yngvild har namnedag i Noreg den 8. november.
Namna er avleidd frå norrønt Yngvildr, som er sett saman av Ing, frå det norrøne gudenamnet Inge eller Yngve, og hildr, som tyder 'strid'. Ein kan dermed tolka namnet som at det viser til ei krigarkvinne eller ei valkyrje.
Inghild og Inga er tilknytte namn.
Remove ads
Bruk
Ingvild skilde seg ut frå andre Ing-namn med ein aukande bruk i Noreg mot slutten av 1900-talet. Populariteten hadde toppar ved byrjinga av kvart av tiåra 1970-, 1980- og 1990-åra. I 2008 var det 5 915 norske kvinner som hadde Ingvild som første førenamnet, og 276 som heitte Yngvild.
Kjende namneberarar
- Ingvild Bryn, programleiar i NRK
- Ingvild Burkey, norsk forfattar
- Ingvild Engesland, norsk langrennsløpar
- Ingvild Snildal, norsk symjar
- Ingvild Vaggen Malvik, norsk politikar
- Yngvil Kiran, norsk mediakvinne
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ingvild» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2008.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ingvild hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Yngvild» i Store Norske Leksikon
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads