Innuendo av Queen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Innuendo av Queen
Remove ads

Innuendo er det fjortande studioalbumet til det britiske rockebandet Queen. Det kom ut i februar 1991 og var det siste studioalbumet som vart gjeve ut medan Freddie Mercury levde og det siste med berre nye songar. Det nådde toppen av albumlista i Storbritannia (to veker), Nederland (fire veker), Tyskland (seks veker), Sveits (åtte veker) og Italia (tre veker). Det vart gjeve ut i USA dagen etter det kom ut i Storbritannia. Det var det første albumet til Queen som selde til gullplate i USA sidan The Works i 1984.

Meir informasjon Queen-kronologi, Singlar frå ...
Thumb
Fargelagte litografi av Grandville frå samlinga Un Autre Monde (1844) blei brukt på plateomslaget.

Albumet vart spelt inn mellom mars 1989 og november 1990.[2] Våren 1987 hadde Mercury fått diagnosen AIDS, men heldt sjukdomen skjult for media og nekta for dei mange rapportane om at han var alvorleg sjuk. Bandet og produsentane prøvde å få albumet ut i november eller desember, i tid til julesalet, men den dårlege helsa til Mercury gjorde at det ikkje kom ut før i februar 1991. Stilmessig var Innuendo eit slags steg attende til røtene til Queen,[3] med ein hardare rockelåt, komplekse musikalske komposisjonar (tittelsporet), psykedeliske effektar («I'm Going Slightly Mad»), og mektig røyst frå Mercury over fire oktavar.[4] Ni månader etter albumet kom ut, døydde Mercury av lungebetennelse tilknytt AIDS-sjukdommen. Så langt er det seld kring 5,5 millionar eksemplar av albumet verda over.

Albumet vart designa av Queen og Richard Gray. Heftet og singleomslaga er laga av Grandville, eller er inspirerte av illustrasjonane hans. Innuendo vart kåra til det 94. beste albumet gjennom tidene i ei nasjonal undersøking av BBC i 2006.[5]

Remove ads

Bakgrunn

Queen gav ut det trettande albumet sitt, The Miracle, i mai 1989, men i motsetnad til dei førre albuma, la dei ikkje ut på turné etter albumet. Freddie Mercury gjorde eit intervju med BBC Radio 1, der han sa at han ønskte å bryte bort frå «album – turné – album – turné»-rutinen. I denne tida fekk han diagnosen AIDS (etter å ha fått diagnosen HIV-positiv i 1987), men dette vart ikkje publisert, og var berre kjend for bandet og dei nærmaste.[6] Men det gjekk mange rykte frå 1988 og frametter om helsa til Mercury og at han kanskje hadde sjukdommen. Spekulasjonane skaut fart då gjekk ned i vekt og såg sjuk ut.[7] Mercury heldt munn på grunn av den personlege regelen hans om å ikkje snakke med media, og dei andre medlemmane nekta å svare på rykta. Ein gong sa bandmedlemmen Roger Taylor ein journalist at «han er frisk og arbeider».[7] I 1990 vann Queen ein Brit Award for Outstanding Contribution to British Music (eineståande bidrag til britisk musikk).[8] Mercury var med å mottok prisen i Dominion Theatre, men det var Brian May som snakka for bandet. Mercury såg stadig meir mager ut og spekulasjonane om helsa hans auka, og heldt fram gjennom 1990.[7] BRIT Awards i 1990 vart siste offentlege framsyninga til Mercury.[9]

Mercury snakka ikkje offentleg om helsa si, og sa at han ikkje ønskte å utnytte sympatien til folk for å selje musikken sin. Han var fast bestemt på å fortsette og arbeide med musikk med Queen så lenge så han klarte og sa at han ville «fortsetje å arbeide til eg faen meg døyr».[7][10] Mercury vart stadig plaga av journalistar i heimen sin i London, som gjorde det vanskeleg for bandet å spele inn musikk. Bandet flytta derfor til Mountain Studios i Montreux, som var tryggare og meir roleg, slik at bandet kunne konsentrere seg.[6] Tidleg under innspelinga av Innuendo, valde bandet igjen å tilskrive alle songane til heile Queen, i staden for til dei individuelle låtskrivarane. May sa at dette var til stor hjelp på innspelingsprosessen, medan Taylor sa det fjerna mykje av dei egoistiske kranglane som normalt får band til å gå frå kvarandre.[11]

Albumet vart gjeve ut i USA på eit nytt selskap, det Disney-eigde Hollywood Records, i eit forsøk på å få større eksponering der.[12] Etter at Mercury døydde fekk Hollywood òg rettane til katalogen til Queen hos Elektra og Capitol.

Remove ads

Songar

Thumb
Innuendo var det siste albumet som songaren Freddie Mercury arbeidde på før han døydde berre ni månader seinare.

Innuendo

For meir om dette emnet, sjå songen Innuendo.

«Innuendo» byrja som ein jam i Sveits mellom Brian May, Roger Taylor og John Deacon våren 1989. Freddie Mercury var i etasjen over og høyrde dei spele rytmen og gjorde det om til ein song, skapte melodien og byrja å skrive teksten. Frå då av arbeidde alle fire på å skrive songen ferdig, og Taylor tok over teksten (som var skriven som ei hyllest til Led Zeppelin og songen deira «Kashmir»). Mellomspelet, som var skriven av Mercury, vart seinare lagt til og inneheld eit synth-orkester programmert av produsenten David Richards, medan flamenco-mellomspelet vart spelt av Yes-gitaristen Steve Howe, som hadde kome på besøk og vart spurt om å spele.[13] «Innuendo» vart gjeve ut på singel 14. januar 1991 som den første frå albumet og gjekk rett inn på toppen av lista i Storbritannia.[14] I USA vart «Headlong» vald som den første singelen, men «Innuendo» kom ut der i mars 1991. I USA nådde singelen 17. plassen på Mainstream Rock Tracks-lsita.

I'm Going Slightly Mad

For meir om dette emnet, sjå I'm Going Slightly Mad.

«I'm Going Slightly Mad» vart påbyrja heime hos Mercury i London, etter at han fekk ein ide om å skrive ein song om galskap, inspirert av vitsane til Noël Coward. Det meste av teksten (som «banana tree» eller «one needle») kom frå både han og venen Peter Straker, som var oppe heile natta i kjøkenet til Mercury. Musikken er skriven av Mercury og var ein av dei første songane bandet arbeidde på i Montreux då Steve Howe kom og vitja dei.

Songen vart gjeven ut på singel 4. mars 1991 og nådde 22. plassen på den britiske singellista. B-sida var «The Hitman» i mange land, og «Lost Opportunity» i andre land. Songen gjekk til topps på lista i Hong Kong. I videoen til songen er Mercury kledd i eit kostyme med vilt hår, kvite hanskar, lange sko og ekstremt mykje sminke, filma i svart-kvitt. Queen-fansen mora seg over videoen, men i dokumentaren Champions of the World innrømma Taylor at videoen vart skjemd av at utsjånaden til Mercury måtte tildekkast av kostyme og sminke. Taylor sa at Mercury såg «ganske sjuk ut» på den tida.[15]

Headlong

For meir om dette emnet, sjå Headlong.

«Headlong» kom frå May i studioet i Sveits. Han spelte inn songen for soloalbumet han heldt på med på same tid. May høyrte Mercury syngje songen og meinte han fungerte betre som ein Queen-song. Bandet tok så over og alle gjorde modifikasjonar.

«Headlong» vart gjeven ut på singel i januar 1991 i USA og den 13. mai 1991 i Storbritannia. Han nådde 14. plassen på den britiske singellista, og tredjeplassen på Mainstream Rock Tracks-lista i USA.

I Can't Live with You

For meir om dette emnet, sjå I Can't Live with You.

«I Can't Live with You» vart òg skriven for soloalbumet til May. Han gav songen til bandet, sidan Taylor, Deacon og Mercury likte songen godt. Trommene vart programmert på synth av May, og produsenten la til klaverinstrument. Ein alternativ versjon av songen finst på samlealbumet Queen Rocks frå 1997, kalla «'97 Rocks Retake». Han var sagt å vere meir slik May og Taylor opphavleg ønskte at songen skulle høyrast ut, med ein hardare, gitardriven rock. May har sagt i eit intervju at det meste av den originale demoen er i innspelinga, og gjer songen «umogeleg å mikse».

Songen vart gjeven ut som promosingel for radiostasjonar i USA. Miksen på singelen nyttar eit noko anna vokalspor av Mercury, er meir høglydt med nyprogrammerte synth-trommer. Songen nådde 28. plassen på Mainstream Rock Tracks-lista.

Don't Try So Hard

«Don't Try So Hard» kom frå Mercury.[16] «Regnet» i introen er i røynda ein førehandsinnstilt lyd frå Korg M1, som kjem når ein først slår instrumentet på («00: Universe»). Mercury syng det meste av songen i falsett, men syng opp til D5 i full stemme på refrenget. Mellomspelet til songen er skriven i ein stil som minner om Queen-songar frå tidleg i 1980-åra, som «Play The Game».

Ride the Wild Wind

For meir om dette emnet, sjå Ride the Wild Wind.

«Ride the Wild Wind» vart skriven av Taylor, som spelte inn ein demoversjon med sin eigen vokal. Den endelege versjonen er sungen av Mercury med Taylor på korvokal. Songen er ein slags oppfølgjar til Taylor sin A Night at the Opera-song, «I'm in Love with My Car», som fokuserte på lidenskapen til Taylor for bilar og billøp. Denne gongen involverte songen alle dei andre medlemmane, som gav liv til ein kjapp song med bankande trommer og rytmisk basslinje. Melodien er temmeleg lik The Smiths-songen «Shakespeare's Sister», som skapar ei kjensle av fart og maskinbrøl. I midtpartiet framhevar soloen til May kjensla av høg fart, og gjev songen ein tyngre lyd. I somme delar av songen kan ein høyre ein racerbil. Han vart gjeven ut på singel i Polen og nådde toppen av lista der.

All God's People

«All God's People» byrja som ein del av Barcelona-prosjektet til Mercury under tittelen «Africa by Night» (og medlåtskrivar er derfor Mike Moran). Han bad May spele gitar, og det eine førte til det andre, og til slutt var heile bandet med på songen. Pianoet vart spelt inn av Moran. I songen når Mercury tonen F5 med brystklang, den lysaste tonen han klarte å nå, i tillegg til nokre særs låge tonar.

These Are the Days of Our Lives

For meir om dette emnet, sjå These Are the Days of Our Lives.

«These Are the Days of Our Lives» var skriven av Taylor. Han er ein av dei enklaste songane i heile katalogen til bandet. Klaverinstrumenta vart programmerte av alle bandmedlemmane i studio, og congaperkusjonen vart spelt inn av David Richards. Songen vart gjeven ut på singel i USA på bursdagen til Mercury, den 5. september 1991. I Storbritannia kom singelen ut i desember 1991, etter at Mercury var død, som ei dobbel A-side med «Bohemian Rhapsody». Singelen gjekk til topps på den britiske singellista og låg der juleveka 1991. Musikkvideoen til songen var siste gongen Mercury vart filma. Mercury visste dette og i slutten av videoen ser han rett inn i kamera og kviskrar «I still love you».[17][18] Då videoen vart laga var det ikkje lenger mogeleg å skjule at Mercury var alvorleg sjuk. Videoen var filma i fargar, men omgjort til svartkvit for til ein viss grad å skjule den skrøpelege utsjånaden til Mercury. Seinare gav bandet ut ein versjon av videoen i fargar, for å syne kor sjuk Mercury var på den tida.

Delilah

For meir om dette emnet, sjå Delilah av Queen.

«Delilah» er ein song Mercury skreiv for favorittdyret sitt, ein katt han kalla Delilah. May spelte inn soloen sin med ein talk box. Taylor likte visstnok ikkje songen og gjekk først med på å ha med songen etter at Mercury insisterte. Songen vart gjeven ut på singel i Thailand, der han nådde toppen av singellista.

The Hitman

Rockelåten «The Hitman» vart òg byrja av Mercury. Den originale versjonen var visstnok på klaverinstrument og i ein annan toneart. May tok riffet til Mercury, endra toneart og spelte inn ein demo av ein tyngre versjon. Deacon omarrangerte så strukturen og fylte inn hola i teksten og spelte han inn. All korvokal vart gjort av May. Demoversjonen er sungen av May, medan Mercury kjem med talte kommentarar (som «Bite the bullet baby!»). I den ferdige songen når Mercury tonen E♭5.

Bijou

«Bijou» var ein ide Mercury og May hadde om å lage ein song på «vranga» (der gitaren gjorde versa og vokalen mellomspelet). Mercury lagde akkordane, tittelen og teksten, og dei to arbeidde i lag på gitarpartia. Mercury song den første linja og May overførte så melodien til sin Red Special. Songen var ferdig utan innspel frå Taylor eller Deacon. Ideen var ikkje ny og alt nytta av Yes på songen «Soon». May sa seinare at Jeff Beck-songen «Where Were You» frå 1989 var inspirasjonskjelda til «Bijou». I 2008 framførte Queen + Paul Rodgers songen på konsertane sine under Rock the Cosmos-turneen der May spelte versa live, medan studiovokalen til Mercury vart spelt, medan ein ein skjerm viste bilete frå den kjende Wembley-konserten deira i 1986. Partiet med Mercury vart så tona ut og May starta «Last Horizon».

The Show Must Go On

For meir om dette emnet, sjå The Show Must Go On av Queen.

«The Show Must Go On» vart hovudsakleg skriven av May. Den opphavlege ideen var ein akkordseksvens Taylor og Deacon arbeidde på. Rytmen i refrenget liknar Queen-songen «I Want It All» frå 1989. May valde å bruke denne sekvensen, og både han og Mercury valde teksttemaet og skreiv det første verset i lag. Frå då av skreiv May ferdig teksten, gjorde ferdig vokalmelodien og skreiv mellomspelet, inspirert av Pachelbels kanon. Somme toneartar og idear vart òg føreslått av produsenten. Songen omhandlar forsøket til Mercury om å halde fram å spele trass i at han nærma seg slutten av livet.[19] Songen var opphavleg ikkje meint som singel, men kom ut 14. oktober 1991 då bandet gav ut Greatest Hits II, berre seks veker før Mercury døydde. Singelen nådde 16. plassen på den britiske singellista. Etter Mercury døydde, gjekk songen inn att på lista. Videoen til songen er ei samling klipp frå alle videoane deira sidan 1992, som ei marknadsføring av Greatest Hits II. Sidan helsa til Mercury no var så dårleg, var det ikkje mogeleg å lage ein ny video med bandet. Ein konsertversjon med Elton John på vokal finst på Greatest Hits III. Songen var ein personleg favoritt for Elton John og han song songen på Freddie Mercury Tribute Concert i lag med dei attverande medlemmane av Queen, og med Tony Iommi på rytmegitar.[20]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Innuendo fekk middels kritikk. Rolling Stone skreiv at «Innuendo er ein lettvektar du vil gløyme så raskt det er over».[31] People skreiv «Om dette er teikneserie-rock and roll, så er det i det minste god og småfrekk teikneserieaktig.»[32] Fleire år seinare skreiv Allmusic «Innuendo var ein høvande måte å avslutten ein av dei mest suksessrike karrierane i rockehistoria.»[21]

Innhald

CD

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Queen, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

1991-LP

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Queen, utanom der andre er nemnde. På grunn av lengda på originalalbumet vart fleire songar korta ned for å passe inn på ei vinylplate utan at det gjekk ut over lyden eller kompresjonen. Sporlista er òg noko annleis enn på CD-versjonen, der «Don't Try So Hard» er flytta til side 2, mellom «Delilah» og «The Hitman».

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Forkorta versjonar for vinyl-utgåva.

2015-LP

Innuendo vart gjeven ut på vinyl igjen 25. september 2015, i lag med alle dei andre studioalbuma til Queen. Dette er første gongen heile albumet kom ut på vinyl, spreidd over to LP-plater. «These Are the Days of Our Lives» og «I Can't Live with You» har byta plass.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande
  • Steve Howe – klassisk gitar i lag med May på «Innuendo», (omtalt på omslaget som «Wandering Minstrel»)
  • Michael Moran – piano og klaverinstrument på «All God's People»
  • David Richardsprodusent, lydteknikar, klaverinstrument på «I Can't Live with You» og «These are the Days of Our Lives», programmering på «Innuendo»
  • Brian Zellis – programmering
  • Noel Harris – assisterande lydteknikar
  • Justin Shirley-Smith – assisterande lydteknikar
  • Richard Gray – plateomslag
  • Grandville (1803–47)illustrasjonar
  • Angela Lumley – fleire illustrasjonar
  • Simon Fowler – fotografi
Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1991), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads