The Show Must Go On av Queen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«The Show Must Go On» er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeven ut som den tolvte og siste sporet på albumet Innuendo i 1991. Songen var tilskriven heile Queen på plateomslaget, men vart i hovudsak skriven av Brian May. Songen omhandlar kampen til Freddie Mercury om å halde fram å spele musikk, trass i at han nærma seg slutten av livet. Han var dødssjuk av HIV/AIDS under innspelinga av albumet, men sjukdommen hans var ikkje annonsert offentleg, trass i store spekulasjonar i media om at han var alvorleg sjuk.[1] Mercury var så sjuk då bandet spelte inn songen i 1990, at May var uroa om han var fysisk i stand til å klare å syngje songen. May fortalte om då Mercury song inn songen: «Eg sa 'Fred, eg er ikkje sikker på om denne er mogeleg å syngje'. Og han sa 'I'll fucking do it, darling' — vodka ned — og så gjekk han inn og knuste til, og reiv heilt sund vokalen.»[2]
Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia den 14. oktober 1991 som marknadsføring av albumet Greatest Hits II, berre seks veker før Mercury døydde. Etter Mercury døydde den 24. november 1991 gjekk songen inn att på den britiske singellista og låg like mange veker på lista (fem) som han gjorde då han kom ut første gongen og nådde til slutt 16. plassen. Ein live-versjon med Elton John på vokal kom ut på Queen-albumet Greatest Hits III.
Songen vart først spelt live den 20. april 1992, under The Freddie Mercury Tribute Concert, framført av dei tre gjenverande medlemmane av Queen, med Elton John på solovokal og Black Sabbath-gitaristen Tony Iommi på rytmegitar.[3] Han har sidan blitt spelt på konsertane til Queen + Paul Rodgers. Songen har sidan blitt spelt av fleire andre artistar.
Remove ads
Låtskriving og innspeling
Etter å ha lytta til John Deacon og Roger Taylor som spelte akkordsekvensen som seinare danna grunnlaget for nesten heile songen, sette Brian May seg ned med Freddie Mercury og i lag fann dei temaet i songen og skreiv noko tekst. May skreiv ned resten av teksten, i tillegg til melodien, og la til eit mellomspel med ein akkordsekvens inspirert av Pachelbels kanon.
På demoversjonane av songen er det May som syng songen, og måtte syngje delar i falsett fordi han gjekk for høgt. Då Brian May presenterte den endelege demoen til Mercury, hadde han sine tvil om Mercury ville vere fysisk i stand til å syngje songen, på grunn av den krevjande vokalen, sidan han var så sjuk på den tida. Då tida kom for å spele inn vokalen tok Mercury ein shot vodka og sa «I'll fucking do it, darling!» og gjekk så inn og framførte songen.[2]
For innspelinga song May det meste av korvokalen (inkludert den aller siste linja) og spelte Korg M1-synthesiser og gitar. Produsenten David Richards føreslo toneendringa i det andre verset.
Teksten er full av allusjonar, metaforar og andre bilete, som gjer han noko vanskeleg å forstå. Det vert annonsert ein dårleg skjult tragedie som skal kome. Mot slutten refererer teksten til avgjersle, eit sterkt ønske om å leve («I have to find the will to carry on with the show») trass i at krafta er i ferd med å forsvinne («inside my heart is breaking»).[4] Frå eit harmoniperspektiv byrjar songen i h-moll; så er det ei modulering til ciss-moll som om songen varslar håp, men han fell etter kvart attande til h-moll.[5]
Jim Hutton, som var partneren til Freddie dei siste seks åra medan han levde, nemner at teksten referer til bruk av sminke[6] dei siste leveåra hans:
« | For meg var den mest sjølvbiografiske linja: 'My make-up may be flaking but my smile still stays on.' Det var sant. Uansett kor sjuk Freddie kjende seg, så klaga han aldri til nokon eller søkte sympati av noko slag. Det var hans kamp, og ingen andre, og han bar alltid eit modig andlet mot dei stadig dårlegare oddsa hans.[7] | » |
—Jim Hutton – 1994 |
Remove ads
Musikkvideo
Fordi Mercury hadde HIV/AIDS vart helsa hans raskt dårlegare, og som følgje av dette vart det ikkje filma nye bilete av songaren. I staden bestod musikkvideoen av ein montasje av klipp frå heile musikkvideokarrieren til Queen, frå 1981 til 1991 (men ingen før 1981), sidan det komande samlealbumet Greatest Hits II dekte heile perioden.[8] Det vart nytta klipp frå alle musikkvideoane deira frå 1980-åra utanom «Under Pressure» og «Hammer to Fall».[8]
Musikkvideoen vart sett saman og redigert av det austerrikske regissørteamet DoRo, som består av Rudi Dolezal og Hannes Rossacher.[4]
Remove ads
Konsertopptak
- Under Freddie Mercury Tribute Concert på Wembley Stadium i London i 1992, framførte dei attverande Queen-medlemmane songen i lag med Elton John og Tony Iommi i Black Sabbath.[3] Konserten vart i 2002 gjeven ut på DVD.[3]
- Ved Théâtre National de Chaillot i Paris i 1997 framførte Queen songen med Elton John og Béjart Ballet, som finst på Queen-albumet Greatest Hits III.[4] Dette var òg siste gongen Queen spelte med bassisten John Deacon. Han trekte seg attende frå musikkindustrien etter dette.
- Under VH1 Rock Honors i 2006 ved Mandalay Bay Events Center i Las Vegas, spelte Queen + Paul Rodgers «The Show Must Go On», i tillegg til «Under Pressure», «We Will Rock You» og «We Are The Champions».[9]
- Under MTV Europe Music Awards i 2011, avslutta Queen seremonien med Adam Lambert på vokal, og framførte «The Show Must Go On», «We Will Rock You» og «We Are the Champions».[10]
Lister og salstrofé
Remove ads
Medverkande
- Freddie Mercury - solovokal
- Brian May - elektrisk gitar, klaverinstrument, programmering, korvokal
- Roger Taylor - trommer, korvokal
- John Deacon - bassgitar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads