Jalta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jalta
Remove ads

Jalta (ukrainsk og russisk: Ялта; krimtatarisk: Yalta) er ein ferieby i det sørlege Ukraina, på Krimhalvøya ved Svartehavet. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2011). Byen og omlandet utgjer administrativt Jalta kommune.

Kjappe fakta Land, Region ...

Byen ligg på same stad som ein antikk gresk koloni og vert sagt å vere grunnlagd av greske sjømenn som såg etter ei trygg hamn (γιαλός – yalosgresk). Han ligg i ei djup bukt som vender ut mot Svartehavet i sør, omgjeve av skogkledde fjell. Han har eit varmt fuktig subtropisk klima med mange vingardar og frukthagar i nærleiken.[1].

Den lengste trolleybusslinja i verda, over 80 kilometer lang, går frå Jalta til hovudstaden i Krim, Simferopol.

Remove ads

Historie

Jalta vart sjølve badebyen i Det russiske imperiet på 1800-talet, då tsar Aleksandr II let sommarresidensen Livadia verte bygt i byen. Aristokratar som Leo Tolstoj og Anton Tsjekhov oppheldt seg mykje i Jalta. I sovjettida vart staden utvikla til ein kurstad.

Vinteren 1945 vart den viktige Jaltakonferansen heldt i palasset Livadia. Statsleiarane Winston Churchill, Josef Stalin og Franklin D. Roosevelt underteikna då avtalar gjeldande frå når andre verdskrigen tok slutt. Konferansen vart, etter krigen var over, fylgd opp av ein ny konferanse i Potsdam.

August 1991 vart president i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov, under ferieopphald heldt fanga nokre dagar i sin eigen datsja utanfor Jalta, medan det vart gjort forsøk på statskupp. Kuppet mislukkast og det heile enda med at Boris Jeltsin utropte seg til president over Russland, og Sovjetunionen vart oppløyst fire månader seinare.

Ukraina vart då ein sjølvstendig stat. Talet på turistbesøk til Jalta minka – mange russarar reiste i staden til den russiske kurstaden Sotsji. Seinare har Jalta vunne attende mykje av populariteten som turistmål.


Remove ads

Klima

Jalta ligg sør for Krimfjella innimellom fjella og klimaet er særs mildt. Jalta har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfa) på grensa til middelhavsklima [1]. I februar er middeltemperaturen 4 °С. Snø er sjeldan og smeltar raskt når han først kjem. I juli er middeltemperaturen 24 °С. Årsmiddelnedbøren er 612 mm, og mest nerbør kjem det om vinteren. Byen har kring 2250 soltimar i året. Sidan byen ligg ved kysten av Svartehavet er vêret sjeødanm verken særs varmt på grunn av den kjølige havbrisen. Åsmiddeltemperaturen er +13 ºC.

Meir informasjon Vêrdata for Jalta, 1981-2010, Jan ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads