Jan Devik

norsk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jan Ivar Bjerkan Devik (fødd 1. august 1954) er ein norsk musikar, låtskrivar, arrangør og produsent.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Jan Devik tok over som bassist i Prudence i 1975, og deltok på plata Takk te dokk, som selde til sølvplate (over 15 000 eksemplar), og som Prudence vart tildelt Spellemannprisen for i klassa popmusikk. Han deltok òg på bandet sitt avskjedskonsert den 11. desember 1975. Denne vart seinare gjeve ut som dobbelalbum med namnet 11/12-75.

Han har mellom anna vore bassist i Junipher Greene, Folque, Janus, div. prog./jazzrock, Terje Tysland sitt Oh-la-la-lag, der han spelte bass saman med Kaare Skevik, og Helge Grøslie frå Junipher Greene på Terje sine to første solo-LP-ar. Han var aktiv studiomusiker på ei rekkje plateproduksjoner frå 1975, og deltek enno i diverse samanhengar.

Devik gav i 1982 ut solo-LP-en Spark på eige selskap, RRM. I 2007 gav han ut singelen «Olav Trygdvason». Han arbeider i musikkforlaget RRM saman med Bård Ingebrigtsen.

Remove ads

Diskografi

Soloutgjevingar

Album
  • Spark (1982)
Singlar
  • Olav Trygdvason (2007)

Andre utgjevingar

Med Prudence
Med Åge Aleksandersen
  • 7800 Namsos (1975)
  • Beste (1977)
  • Åge's utvalgte (1980)
  • Åge Aleksandersens beste (1984)
  • Åges beste 1972-1994 (1994)
  • Åge Original (2001)
Med Terje Tysland
  • Stakkars klovn (1977)
  • Mytji arti (1978)
  • All samma opp igjæn (1980)
  • For eitt mas! (1996)
  • 25 år med gitter og stas (2002)
  • Gull (2005)
Andre plateutgjevingar
  • Diverse artistar: 15 originale norske topper (1976)
  • Erling Bonde: Nei vi elsker! (1980)
  • Anne Lise Gjøstøl: Kom kom skal jeg si deg no (1980)
  • Front Page: Qualified (1981)
  • Mikkel Magnus: Mikkel Magnus ser rødt (1981)
  • Snu: The Pest of «Snu» (1981)
  • Diverse artistar: Trønder-Rock (1982)
  • Diverse artistar: Norsk Rock (1983)
  • Diverse artistar: Fine norske sommerlåter 3 (1994)
  • Diverse artistar: Det beste av norsk musikk 1973-1977 (1998)
  • Diverse artistar: Æ e trønder æ (2000)
  • Diverse artistar: Norsk Rocks Historie Vol. 5: Fra Viserock til Rock på norsk 1969-1977 (2004)
  • Diverse artistar: 96% låvedans 2 (2007)
  • Diverse artistar: Låvedans (2007)
  • Lydia Laska: We're Nothing Compared to Ourselves (2007)
  • Diverse artistar: 96% låvedans 2 (2007)
  • Lydia Laska: Could i Have a Go on Your Girl, Please? (2009)
  • Lydia Laska: Krankenhaus (2010)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads