Jerusalemskogen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jerusalemskogen (hebraisk יער ירושלים) er ein furuskog som ligg i Judeafjella vest for Jerusalem. Han er omgjeven av bydelane Beit HaKerem, Yefe Nof, Ein Kerem, Har Nof, Givat Shaul, og ein moshav, Beit Zeit. Skogen vart planta frå 1950-åra av Jewish National Fund,[1] finansiert av private gjevarar.
Tidlegare låg det fleire palestinske landsbyar her: Ayn Karim, Beit Mazmil, Zuba, Sataf, Jura, Beit Umm Al-Meis og Deir Yassin.[2] Deir Yassin vart utsletta av sionistiske militsar den 9. april 1948 i ei hending kjend som Deir Yassin-massakren.[3]
På sitt største dekte skogen over 4 kvadratkilometer. Dei siste åra har skogen minka på grunn av byutbygging og dekkjer i dag berre 1,2 kvadratkilometer. Yad Vashem museum ligg i skogen nær Herzlfjellet. Midt i skogen, mellom Yad Vashem og Ein Kerem, ligg eit fritidssenter, Chaim Tzippori gjestehus, med eit ungdomsherberge.
Av dyreliv i skogen finst ein flokk sjakalar.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads