Yatirskogen

skog i Israel From Wikipedia, the free encyclopedia

Yatirskogen
Remove ads

Yatirskogen (hebraisk יער יתיר) er ein skog i Israel, i sørsida av Hebron-fjellet, i utkanten av Negevørkenen. Skogen dekkjer eit areal på 30 kvadratkilometer og er den største planta skogen i Israel.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Thumb
Yatir-reservoaret

Dei første trea vart planta i 1964 av Jewish National Fund etter initiativ frå Yosef Weitz. Skogen er kalla opp etter ein gammal levittisk by som låg her, Yatir, som det er nemnt i Gamletestamentet: «Etterkomarane av Aron, prestane, fekk desse byane: Hebron, fribyen for drapsmenn, med beitemarker, og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker» (Josva 21:13-14.[1]).

Thumb
Plassering av Yatirskogen

Det er planta over fire millionar tre, hovudsakleg bartre som aleppofuru og sypress, men òg lauvtre som terebint, tamarisk, jujube, johannesbrød, oliven, fiken, eukalyptus og akasie, i tillegg til vindruer og forskjellig kratt. Yatirskogen har endra det tørre landskapet nord i Negev, trass i at mange ekspertar var pessimistiske. Det har vist seg å vere eit viktig økologisk verkemiddel for å hindre ørkenspreiing i høgdene nordaust for Beersheba.

Skogen ligg relativt høgt, mellom 400 og 850 meter over havet, i ein halvtørr region med ein årsnormalnedbør på 300-350 mm.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads