Jessica Mauboy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jessica Hilda Mauboy (fødd 4. august 1989 i Darwin[1]) er ein australsk songar, låtskriver og skodespelar. Ho syng hovudsakleg innan sjangrane pop og R&B.
Remove ads
Bakgrunn
Debuten
Mauboy er fødd og oppvaksen i Darwin i Nordterritoriet, og i 2006 vart ho landskjent i Australia då ho deltok den fjerde sesongen av Australian Idol.[2] Mauboy kom på andreplass i talentshowet og sikra seg ein platekontrakt med Sony Music Australia. Etter Australian Idol gav Mauboy ut eit livealbum med fleire av sine framsyningar frå tevlinga, og i ein kort periode i 2007 var ho medlem av jentegruppa Young Divas. I 2008 gav Mauboy ut sitt debutalbum Been Waiting, som vart det nest mest selde australske albumet i 2009. Albumet vart sertifisert med dobbel platina av Australian Recording Industry Association (ARIA). Hovudsporet på albumet, «Burn», nådde òg fyrsteplassen på den australske singellista.
Det andre studioalbumet til Mauboy, Get 'EM Girls frå 2010, hadde ein meir tydeleg R&B-profil enn debutplata, og albumet resulterte i fire platina-klassifiserte singlar. Fleire songar frå tredjealbumet, Beautiful frå 2013, bringa ho òg fleire topp ti-plasseringar på den australske singellista.[2]
Film og tv
I tillegg til musikkarrieren har Mauboy òg drive med skodespel og hatt hovudroller i spelefilmar som Bran Nue Dae (2010) og The Sapphires (2012), som resulterte i ein AACTA-pris for beste birolle. I 2016 var Mauboy tilbake som skodespelar då ho hadde hovudrolla i tv-serien The Secret Daughter i to sesongar. Detta var den fyrste store tv-rolla til Mauboy, og rolla var skriven spesielt for ho. Parallelt med dette gav Mauboy ut to album med musikk frå serien, der det eine nådde førsteplass på ARIAs albumliste. Med dette vart Mauboy den fyrste artisten med aboriginsk bakgrunn til å nå fyrsteplassen på den australske albumlista.[3]
Suksess
Listesuksessen har gjort Mauboy til ein av dei mest suksessrike kvinnelege artistar i Australia.[4][5] Ho har hatt fem album inne på topp ti på albumlista og 16 singlar inne på topp 20 på den australske singellista.[6][7] Mauboy har vunne to ARIA Music Awards frå 24 nominasjonar og vart rangert som nummer 16 på lista over dei hundre største australske songarar gjennom tidene i avisa Herald Suns. Mauboy har òg samarbeidd med store internasjonale artistar som Flo Rida, Snoop Dogg, Ludacris, Jay Sean og Pitbull. Ho har òg turnert med Beyoncé og Chris Brown, og ho òg opptredd ved store mediehendingar, blant anna då personlegdomar som Oprah Winfrey, Ellen DeGeneres og den amerikanske presidenten Barack Obama vitja Australia.[8][9]
Eurovision Song Contest
Mauboy opptredde i pausen i den andre semifinalen under Eurovision Song Contest 2014, i 2018 representerte ho Australia i Eurovision Song Contest i Lisboa i Portugal.[10] Der enda ho som nummer 20 av 26 med songen «We Got Love».[11]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads