Jet av Wings
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Jet» er ein song av Paul McCartney and Wings frå albumet Band on the Run i 1973. Det var den første singelen frå albumet. Tittelen var inspirert av den kolsvarte (jet black på engelsk) labradoren til McCartney. Namnet på hunden var òg Jet.
Songen nådde sjuandeplassen på både den britiske og amerikanske singellista den 30. mars 1974, og gjekk inn på lista i fleire land i Europa. Han har sidan kome ut på mange samlealbum og er ein av dei mest kjende songane til gruppa.
Medan det meste av Band on the Run vart spelt inn i Lagos i Nigeria, vart heile «Jet» spelt inn i EMI Studios i London etter gruppa kom heim att.
Songen er oppført i boka til Dave Marsh over dei 1001 beste singlane gjennom tidene, som nummer 793.[4]
Det australske rockebandet Jet er kalla opp etter songen.[5]
Remove ads
Medverkande
- Paul McCartney – solovokal, gitar, bassgitar, trommer
- Linda McCartney – korvokal, klaverinstrument
- Denny Laine – korvokal, gitar
- Howie Casey – saksofon
Salslister
Remove ads
Andre versjonar
- Det skotske glamrockbandet Iron Virgin gav ut ein versjon i 1974 på singel.
- Boston-bandet Big Dipper gav ut ein versjon på singel i 1989.
- California-bandet Jellyfish spelte songen og gav han ut som bonusspor for albumet Bellybutton.
- Foo Fighters spelte inn ein versjon i februar 2000 som skulle nyttast for eit hyllestalbum til Paul McCartney, men albumet vart aldri noko av. Sidan har dei spelt songen på fleire av konsertane sine
- J-Pop-trioen Shonen Knife' spelte songen i 2008 på albumet deira Super Group.
- Robin Zander og Rick Nielsen frå Cheap Trick spelte songen i 2014 på albumet The Art of McCartney.
Sampling
- «Jet» vart sampla på songen «Self Made» på Maybach Music Group-albumet Self Made Vol. 1.
- «Jet» vart sampla på songen «He Don't Get a Thing» av Hostyle Gospel på albumet Five Star Generals.[14]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads