Band on the Run
album av Paul McCartney and Wings From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Band on the Run er det tredje studioalbumet til Paul McCartney and Wings, gjeve ut i desember 1973. Det markerte det femte albumet til Paul McCartney etter The Beatles vart oppløyst i april 1970. Sjølv om det først selde moderat fekk det etter kvart hjelp av to hitsinglar – «Jet» og «Band on the Run» – og vart eit av dei bestseljande studioalbuma i 1974 i Storbritannia og Australia, og McCartney vann attende gunsten til kritikarane. Det er det mest suksessrike og det mest kritikarroste albumet til McCartney etter The Beatles.
Det meste av Band on the Run vart spelt inn i studioet til EMI i Lagos i Nigeria, sidan McCartney ønskte å lage eit album på ein eksotisk stad. Kort tid før dei drog til Lagos, slutta trommeslagaren Denny Seiwell og gitaristen Henry McCullough i gruppa. McCartney hadde ikkje tid til å hente inn erstattar og gjekk i studio med berre kona Linda og Denny Laine, og spelte det meste av trommer, perkusjon og sologitaren sjølv, i tillegg til bass.[12] Då dei kom fram oppdaga dei at studioet var i dårleg stand og tilhøva i Nigeria var både spente og vanskelege. McCartney-paret vart truga med kniv og rana, og ranaren fekk med seg ein bag med ein uferdig songtekst og demolydband. Etter bandet kom attende til England la dei til fleire lydspor på det dei hadde gjort i Nigeria og spelte inn litt meir for albumet. Dette vart hovudsakleg gjort i AIR Studios i London.
I 2000 rangerte magasinet Q albumet på 75. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2012 vart Band on the Run rangert på 418. plassen av Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[13] Ei melding av Jon Landau i Rolling Stone då albumet kom ut, skildra det som «kanskje med unntak av John Lennon sitt Plastic Ono Band, det beste albumet som dei fire musikarane frå det som ein gong var The Beatles, har gjeve ut».[14] Det var det siste albumet McCartney gav ut på selskapet Apple.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Paul og Linda McCartney, utanom «No Words» av Paul McCartney og Denny Laine.[15]
Bonusplater (spesial- og luksusutgåvene)
Plate 3 (luksusutgåva) Denne plata inneheld ein lyddokumentar om albumet, opphavleg frå 1999.
DVD (spesial- og luksusutgåva frå 2010)
- «Band on the Run» (musikkvideo)
- «Mamunia» (musikkvideo)
- Album promo
- «Helen Wheels» (musikkvideo)
- Wings in Lagos
- Osterley Park
- One Hand Clapping
- Innhald:
- One Hand Clapping Theme
- «Jet»
- «Soily»
- «C Moon»
- «Little Woman Love»
- «Maybe I'm Amazed»
- «My Love»
- «Bluebird»
- «Let's Love» (ikkje utgjeven før)
- «All of You» (ikkje utgjeven før)
- «I'll Give You a Ring»
- «Band on the Run»
- «Live and Let Die»
- «Nineteen Hundred and Eighty Five»
- «Baby Face»
Bonus-DVD (spesialutgåva frå Best Buy) Best Buy-versjonen av albumet kom med ein fjerde disk med ein bonus-DVD.
- Band on the Run 2010 EPK
- «Jet» – henta frå Good Evening, New York City
- «Mrs. Vandebilt» – henta frå Good Evening, New York City
- «Band on the Run» – henta frå Good Evening, New York City
Remove ads
Medverkande
Bandmedlemmar
- Paul McCartney – vokal; bass, akustisk and elektrisk gitar; piano, klaverinstrument; trommer og perkusjon
- Linda McCartney – vokal, piano, klaverinstrument
- Denny Laine – vokal; akustisk, elektrisk gitar, bassgitar; klaverinstrument; perkusjon
Andre medverkande
- Howie Casey – saksofon
- Ginger Baker – perkusjon
- Remi Kabaka – perkusjon
- Tony Visconti – orkestrering
- Ian Horn and Trevor Jones – korvokal
- Geoff Emerick – plateprodusent og lydteknikar
- Steve Howard – blåseinstrument
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads