Songen Band on the Run

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Band on the Run» er ein song av Paul McCartney and Wings frå 1973 på albumet Band on the Run. Songen kom ut på singel i 1974 etter suksessen med «Jet», og vart ein internasjonal suksess. Songen toppa singellista i USA og nådde tredjeplassen i Storbritannia.[1][2] Singelen selde over ein million eksemplar i Amerika i 1974.[1] Han har sidan blitt ein av dei mest kjende songane til bandet.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen er ein medley av tre forskjellige komposisjonar som varierer i stil frå folkrock til funk og er ein av dei lengste singlane til McCartney med ei lengd på over fem minuttar. Songen var delvis inspirert av ein kommentar George Harrison hadde kome med i eit møte hos plateselskapet til The Beatles, Apple. Songen handlar om fridom og flukt, og songen vart skriven samstundes med at Harrison, John Lennon og Ringo Starr kvitta seg med manageren Allen Klein i mars 1973 og tilhøvet til McCartney betra seg. Den originale demoen for denne og andre spor på Band on the Run vart stolen kort tid etter Wings kom til Lagos i Nigeria for å byrje innspelinga av albumet. Bandet var no redusert til ein trio med McCartney, kona Linda og Denny Laine, og dei spelte inn «Band on the Run» i EMI sitt studio i Lagos og fullført i AIR Studios i London.

Remove ads

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1974), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • Tidlegare Wings-medlem Denny Laine spelte «Band on the Run» i 1996 på albumet hans Wings at the Sound of Denny Laine.[15]
  • Ein versjon av Owsley kom ut i 2001 på hyllestalbumet Listen to What the Man Said.
  • Ein versjon frå 2007 av Foo Fighters vart gjeve ut på Radio 1 Established 1967.
  • Ein versjon av Heart kom ut i 2014 på hyllestalbumet The Art of McCartney.
  • Ein versjon av Widespread Panic vart spelt på ein konsert 29. oktober 2000.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads